Hopp til innhold

Russen får likevel ta med alkohol på russetreff

FØRDE (NRK): Politiet har snudd og russen får likevel ta med alkohol på store russearrangement. – Svært gledeleg, seier Vebjørn Lyngstad i russestyret ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

2018-russen Hafstad

GLADE: Vebjørn Lyngstad, Elisabeth Birkeli og Sunniva Midtbø er glade for at dei likevel kan ta med seg alkohol under årets russearrangement. Alle tre er russ ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Stemninga er høg og smila er breie hos russen på Hafstad vidaregåande i Førde når NRK fortel at dei likevel kan ta med sine eigne alkoholvarer på russearrangement.

– Det er viktig for oss at vi kan ha ei russefeiring der vi kan kose oss. Vi vil at alle skal ha ei god oppleving og vi tek vare på kvarandre, seier Vebjørn Lyngstad.

Elisabeth Birkeli er eining.

– Det å vere russ er avslutninga på mange års skulegang, noko vi har gleda oss til veldig lenge. Å feire dette i fellesskap med litt alkohol er fint, seier ho.

Men går det ikkje an å kose seg utan alkohol?

– Jau, men det er opp til kvar enkelt om dei vil drikke eller ikkje. Hos oss er det ikkje noko drikkepress, seier ho.

Russ i Ålesund

RUSSEFEIRING: Russen er fornøgd etter at dei likevel får ha med eigen alkohol under russetreff. Her frå russefeiringa i Ålesund frå eit tidlegare år.

Foto: Aina Rødal / NRK

Også politiet er glade

I fjor la Politidirektoratet fram nye retningsliner som i praksis ville gjere det umogleg for årets russ å nyte medbringa alkohol. Men det same direktoratet har no send ut ei presisering der det likevel blir opna for at ein kan halde fram som før.

Arne Johannesen, forhandlingsleder i UNIO

FORNUFTIG: Arne Johannesen, leiar for driftseining Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, støttar den nye presiseringa som opnar for at russen får nye eigen medbringa alkohol under russetreff.

Foto: Johan B. Sættem

Arne Johannesen, sjef for politiet i Sogn og Fjordane, støttar den nye presiseringa.

– Ut frå ei politifagleg vurdering er det positivt på fleire måtar å ha russen samla i eitt område med felles arrangement. Vi har hatt få valdssaker og veldig få saker der russen har vore involvert i politisaker med seksuelle overgrep, seier han

Meiner russen får ufortent kritikk

Dagleg leiar for Tryvannsfestivalen i Oslo, Mie Skard, er glad.

– Det er mykje betre at russen blir samla med vaksne til stades på eit trygt arrangement enn at dei går gatelangs, seier ho.

Skard viser til at dei som drikk for mykje blir tekne vare på og at det er restriksjonar for kva type alkohol russen får drikke på Tryvannsfestivalen.

– Det er mange som har store fordomar om flatfyll på russetreff. Det vi ser er stort sett hyggeleg og oppegåande ungdom som kosar seg i lag. Vi har eit veldig godt samarbeid med Oslo-politiet om arrangementa på Tryvann, seier ho.

Mie Skard

FORNØGD: Dagleg leiar for Tryvannsfestivalen i Oslo, Mie Skard, meiner det er tryggare for russen når dei nyt medbringa alkohol under arrangement med mange vaksne til stades.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Uroa over mykje fyll

Hanne Cecilie Widnes, generalsekretær i fråhaldsorganisasjonen IOGT, er uroa over at russen konsumerer store mengder alkohol i russetida.

– Vi hadde ønska oss ei russetid som var mindre prega av fyll og der det var mindre forventningar om å drikke så mykje. Det mest uheldige er at ungdommane kan kome til å utsetje seg sjølve eller endre for skader og ulukker. Alkohol er involvert i veldig mykje av den valden vi ser i Norge i dag, seier ho.