Det var under kampen mot Brann på søndag at Sogndal-spelaren Robbie Russell blei trakassert av tilhengjarane til bergensklubben.
Ville ikkje melde
Robbie Russell har tidlegare sagt at han ikkje ønskjer å politimelde saka, men hadde tysdag ettermiddag ein samtale med politiet i Sogndal.
Etter denne samtalen skulle politiet bestemme seg for om dei på eige initiativ kom til å etterforska saka. Lensmann Olav Borlaug seier at eit offentleg etterspel i slike saker er viktig for å unngå liknande hendingar i framtida.
Alvorleg
- Vi ser særs alvorleg på denne saka, seier han. Politiet hadde hatt både TV-bilete og vitneutsegner å hjelpe seg med.
- Vi har nok bevis til å starta etterforsking, seier Borlaug.