Sogndal og Rosenborg er allereie samde om ein overgang verdt rundt fem millionar kroner, og planen var at amerikanaren skulle stille på Lerkendal straks det vert opna for speleovergangar 1. juli.
Men i dag seier Russell til Bergens Tidende at det ikkje er noko poeng å seie ja til det første tilbodet ein får, og at han kjem til å be om eit nytt kontraktforslag frå Rosenborg.