NRK Meny
Normal

Russeknutar kan føre til overgrep

Det at ein må ha sex for å få ulike typar russeknutar, kan føre til overgrep. Det meiner sexforskar Bente Træen. Russen i Førde er ikkje samde med forskaren.

Russebil med BH på spegelen

UHELDIG: Knutereglar som sex med ti russ eller med russepresidenten er svært uheldig, meiner sexforskar Bente Træen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Knutar i russehua er ein del av feringa, og for å få desse knutane må russen gjere ting dei nok ikkje ville gjort elles i året.

Sex med ti likesinna eller russepresidenten, er to handlingar som gjev knute i russehua. Dette meiner sexforskar Bente Træen er svært uheldig.

Russeknutar kan føre til overgrep

Bente Træen

ÅTVARAR MOT OVERGREP: Sexforskar Bente Træen meiner russeknutar kan føre til overgrep.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Den kjende sexforskaren, forfattaren og professoren har i ei årrekkje studert ungdom og deira seksualvanar.

Ho åtvarar no mot ein del av dei handlingane som blir lønna med knute i russehua, fordi ho fryktar dette kan føre til valdtekter.

Ein russ i Førde vart denne veka sikta for valdtekt av ei 17 år gammal jente, og etterforskinga pågår no for fullt.

– Når det står klart i reglane at sex gjev knute i lua, kan dette skape eit press og eit feil bilde av korleis det er å ha sex med andre, meiner forskaren.

Ho peikar og på at mange drikk store mengder alkohol i russetida, og at dei unge dermed ikkje alltid har kontroll over kva som skjer med dei.

På den måten kan reglane vere med på å legitimere at ein kan «forsyne» seg av andre, utan at vedkommande seier ja.

Russeknutane er berre tull

Russ

BERRE TULL: Russen meiner knutereglane ikkje skaper sexpress

Foto: Rune Fossum / NRK

Russen ved Hafstad vidaregåande skule i Førde er ikkje samde i at knutereglane deira kan føre til overgrep. Dei meiner dei berre fører vidare ein årelang tradisjon, og at russen ikkje jaktar så mykje på sexknutar.

– Ungdomar synst det kan vere litt artig å tulle med sex, og eg vil ikkje påstå at folk har sex på grunn av knutane. Det meiner Ida Midthun, i russestyret ved den vidaregåande skulen.

Ho og medelevane reagerer sterkt på at ein medruss no er sikta for valdtekt, men meiner dette ikkje har noko som helst å gjere med russen sine knutereglar.

Russetida er ein risikosport

Trude Brosvik

RISIKOSPORT: Fylkesleiar Trude Brosvik meineer sex og alkohol er ein risikosport

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti, Trude Brosvik synst heller ikkje russen sine knutereglar er særleg smarte.

– I russetida blir folk utsette for eit stort sexpress, og kombinert med alkohol er russetida ein «risikosport» meiner Brosvik.

Det å bli valdteken når ein er russ vil prege heile livet til vedkommande, og Brosvik ber difor ungdommane tenkje seg godt om no i russetida.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser