NRK Meny
Normal

Russ slepp varetektsfengsling

Mannen som er skulda for valdtekt av ei jente i Førde natt til onsdag vert ikkje varetektsfengsla. Den unge mannen har framleis status som sikta i saka.

Video Mogleg russevaldtekt i Førde

SPERRING: Festplassen i Førde vart onsdag morgon sperra av. Politiet har i løpet av dagen etterforska saka og gjort fleire avhøyr.

Den moglege valdtekta fann stad på Festplassen i Førde sentrum og vart meldt til politiet natt til onsdag.

No har politiet bestemt kva som skal skje vidare med gjerningsmannen.

Slept fri onsdag ettermiddag

Lensmann Jan Egil Tvinde på Festplassen i Førde

GOD OVERSIKT: Lensmann Jan Egil Tvinde meiner politiet har fått god oversikt over saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gjerningsmannen skal sjølv ha teke kontakt med politiet i dag tidleg. Han har no vore i avhøyr hos politiet.

- Med bakgrunn i avhøyret og etterforskinga totalt sett, har vi bestemt at han vert sleppt fri onsdag ettermiddag, seier lensmann Jan Egil Tvinde til NRK.no like før klokka 15.30.

Mannen som er skulda for valdtekt er i byrjinga av 20-åra og skal vere russ denne våren.

Den 17 år gamle jenta som har meldt frå om episoden har i dag vore til lege for undersøking og sikring av spor. Også den sikta mannen har blitt framstilt for lege for sikring av moglege spor.

- Ikkje fare for bevis

Politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt seier til Dagbladet.no at politiet ikkje har funne grunn til å halde på mannen.

- Vi har ikkje funne at vilkåra for varetekt, som øydelegging av bevis eller fare for gjentaking, er tilstade i denne saka, seier Broberg til Dagbladet.

Han opplyser at mannen ikkje er tidlegare straffedømt. Mannen er likevel kjent for politiet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Russ på Festplassen i Førde

RYSTA: Russen i Førde skildrar hendinga som forkasteleg, trasig og trist.

Foto: Bård Siem / NRK

- Framleis ei valdtektssak

Sjølv om politiet no har bestemt at mannen ikkje vert varetektsfengsla karakteriserer dei framleis saka som ei valdtektssak.

Tvinde vil ikkje gå inn i kva mannen har forklart i avhøyr.

- Fram til vi har fått avklart alle forhold er dette ei valdtektssak. Men vi har ikkje grunn til å halde mannen i varetekt, seier Tvinde.

Det står framleis att fleire avhøyr i saka, men lensmannen reknar med at dei skal vere ferdig med etterforskinga av saka innan kort tid.

- Eg meiner vi på kort tid har skaffa oss eit godt bilete av kva som har skjedd, seier Tvinde.

Russen i Førde er rysta etter hendinga, og mange trur den kan setje ein dempar på russefeiringa.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser