Hopp til innhold

Uvêret i ferd med å roe seg på fjellet

Sterk vind har også torsdag ført til store problem på fjellovergangane i Sør-Norge. På riksveg 13 over Vikafjellet torer dei ikkje opne vegen i dag heller.

Slik er stoda på Filefjell klokka 720 torsdag 25. januar

KOLONNE: E16 over Filefjell er rekna som den mest stabile fjellovergangen vinterstid. Også her har vinden sett sitt preg, torsdag morgon er det kolonnekøyring her.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Fjellovergangen mellom Vik i Sogn og Vinje i Voss har vore stengd sidan seint tysdag kveld på grunn av ras og rasfare. Torsdag melder Vegvesenet at dei ikkje opnar vegen før tidlegast fredag.

- Det blir ei ny vurdering der klokka 12 i morgon, får NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen.

Kraftig vind og nedbør har ført til store problem på fjellovergangane sidan i går. Torsdag morgon måtte til og med brøytemannskapet på den stabile fjellovergangen E16 dra ned bommen. Klokka 5.30 vart det innført kolonnekøyring på Filefjell, og Vegvesenet melde då om kraftig snø og liten storm.

Klokka 10 var det verste vêret gitt seg, og Vegvesenet melder at fjellovergangen er open for vanleg trafikk.

Vegtrafikksentralen melde tidleg torsdag at det kom til å bli utfordringar på fjellovergangane i fleire timar enno.

– Vi fekk akkurat melding om at det er innført kolonnekøyring på Strynefjellet. Her kan overgangen blir stengt på kort varsel, sa trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen i Bergen klokka 0645.

Slik er stoda på fjellovergangane i Sør-Norge torsdag klokka 1600:

  • E6 Dovrefjell – Snø- og isdekke, fare for glatte parti og vanskelege køyreforhold enkelte stader.
  • E134 Haukelifjell – Ope for fri ferdsel.
  • Riksveg 7 Hardangervidda – Kolonnekøyring.
  • Riksveg 9 Hovden-Haukeli – Stengt på grunn av snøras. Forventa opna klokka 14.
  • E16 Filefjell – Opna for fri ferdsel klokka 10. Snø- og isdekke.
  • Riksveg 13 Vikafjellet – Stengt på grunn av snøras og rasfare. Ny vurdering om eventuell opning fredag klokka 12.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Kan bli stengt på kort varsel.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – Ope for fri ferdsel.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland –Ope for fri ferdsel.
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – Ope for fri ferdsel.

Full oversikt over stengde vegar får du på vegvesen.no.

Ventar at ting skal roe seg

I løpet av onsdag kveld og natt til torsdag har det vore både sterk vind og nedbør. Ifølgje vêrprognosane i morgontimane er det ifølgje Vegvesenet no venta mindre nedbør dei neste timane.

– Ut frå vêrmeldingane ser det ut til at det vil vere sterk vind også utover føremiddagen. Det er vinden som er verst, sa operatør Hanne Nordheim ved Vegtrafikksentralen i Bergen klokka 05.30 torsdag morgon.

Eit hissig lågtrykk har sidan i går skapt problem for reisande fleire stader på Vestlandet og i fjellet i Sør-Norge.

Fleire ferjesamband var onsdag kveld stengd på grunn av ruskevêret. Klokka 7 torsdag morgon skal ferjetrafikken på Vestlandet gå som normalt.

Ifølgje Hove tyder vêrmeldingane på at det blir betring utover ettermiddagen og kvelden.

– Vi ventar at ting skal roe seg utover dagen. Så seint på ettermiddagen og kveld, så håpar vi at vegane byrjar opne att, seier Hove like før klokka 07.

Fleire snøras

– Det har gått eit snøras på E134 aust for Haukelitunnelen, og difor er vegen over Haukelifjell stengd. Det same har skjedd på riksveg 9 mellom Hovden og Haukeli, seier trafikkoperatør Gøran Røsaker hos Vegtrafikksentralen.

Her vil Vegvesenet og entreprenøren gjere vurderingar når det blir lyst, får NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen.

NVE varsla i går at dei ventar store snøskred i Sør-Norge dei neste dagane. Faregraden har vore stigande. Natt til torsdag går faregraden over frå betydeleg til stor på Vestlandet.

– Folk bør velje Filefjell

Folk som skal mellom Austlandet og Vestlandet i morgontimane og utover dagen torsdag bør velje Filefjell. Det er rådet frå Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen.

– Det er veldig sjeldan den fjellovergangen blir stengd.

Dei som skal ut på fjellovergangane bør også vere budde på venting.

– Køyr forsiktig. Kjem du i kolonne er det viktig at du har med deg godt med klede, du må ha godt med drivstoff på tanken og rekne med at det vil ta tid, seier Hove.

Kom seg akkurat over fjellet

Langtransportsjåfør Kjell Ove Bråstad frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane er ein av dei som har blitt hefta av ruskevêret i fjellet i natt. Han var på veg frå Gol mot Førde, då han måtte snu like før han kom opp til Hemsedalsfjellet.

– Fjellovergangen stengde eit kvarter før eg kom dit. Så då måtte eg ta turen tilbake og over Golsfjellet, for å prøve meg over Filefjell.

E16 over Filefjell var framleis open for fri ferdsle då han kom dit grytidleg torsdag morgon, men då han var komen over fjellet såg han brøytemannskapet på Borlaug i Lærdal late att bommen bak han. Klokka 05.30 vart det innført kolonnekøyring på grunn av vanskelege køyreforhold.

– Eg har hatt både uflaks og flaks med stengingar i natt. Forholda på Filefjell var ikkje så ille synest eg, men det er nok ein del verre for personbilar som sit lågare og ikkje får så god sikt, seier yrkessjåføren som køyrer for Transferd.

Om du skal ta tog over fjellet, er det også store forseinkingar på Bergensbanen.

Snøras stengjer fleire lokalvegar

I Sogn og Fjordane er fleire lokalvegar stengde på grunn av ras.

Riksveg 13 ved Langateig i Balestrand har vore stengd grunna ras, den er no stengd grunna oppryddingsarbeid.

Fylkesveg 152 ved Alstokka i same kommune er framleis stengt grunna snøras. Ny vurdering om opning blir gjort først fredag klokka 10.

Fylkesveg 331 i Sørheimsdalen på strekninga Urnes- Skjolden er også stengt på grunn av snøras.

Også lenger aust i fylket, på fylkesveg 337 på strekninga Hafslo-Veitastrond, er vegen stengd på grunn av snøras og fare for ras ved Veitastrond. Her blir det ny vurdering om opning klokka 12 i dag.