NRK Meny
Normal

Fleire fjellovergangar har problem med uvêr

Fleire fjellovergangar har kolonnekøyring på grunn av uvêr. Det er lova betring utover dagen.

Dårleg sikt på Hemsedalsfjellet

VIND OG BLEST: Det er sterk vind i fjellet. I kombinasjon med snø gir det vanskelege køyreforhold.

Foto: Statens vegvesen/webkamer

Det er vanskeleg sikt og mykje vind og snøbyer på fjellet og gjer det utfordrande å komme seg over fjellovergangane.

– Det er ingen perfekt dag å køyre over fjellet, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

For å komme seg aust-vest er E16 over Filefjell den sikraste vegen. Der er det ope for fri ferdsel.

– Det er den fjellovergangen som ser ut til å vere sikrast i dag, seier Molvær.

Vêret vil lette på Hemsedal – ei kort stund

Ut frå vêrvarselet så har også riksveg 52 over Hemsedalsfjellet gode utsikter til å bli opna for fri ferdsel.

– Det kan gå mot fri ferdsel der nokre timar dersom vêrutsiktene held seg, men så vil det ruske seg til att, så det kan vere mellombels.

Molvær seier det er store skilnadar på vêrtilhøva på fjellovergangane i dag, og oppmodar reisande til å sjekke nøye før dei legg ut på tur.

– Folk må sette seg inn i kva slags fjellovergangar som er best å køyre i dag, som alle andre dagar.

Strynefjellet har sterk vind

Også nordover er det utfordringar på fjellet. På på riksveg 15 over Strynefjellet er vêrforholda dårlege og utfordrande.

– Der bles det sterk kuling og det er mykje vind og snø der akkurat no. Men det vil roe seg litt utover dagen, i 15-tida, seier Molvær.

På Vikafjellet er det ny vurdering klokka 12, men Molvær har lita tru på at det blir mogeleg å køyre over då.

– Dei blir nok ikkje klare då. Det er litt mildare vêr, så det kan bety at det er aukande rasfare, så det må vurderast og.

Stengde vegar og kolonnekøyringar klokka 12.00:

  • På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er det innført kolonnekøyring etter at det var stengt der.
  • Rv 52 over Hemsedalsfjellet opnar for fri ferdsel etter kolonnekøyring.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr. Det blir gjort ei ny vurdering klokka 12, opplyser Statens vegvesen.
  • Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin ventar å opne klokka 12.
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.