Hopp til innhold

Håpte du på finvêr i vinterferien? Då må du tru om att

Nedbør, vind og ruskevêr er i vente i Sogn og Fjordane dei næraste dagane. Og meteorologen torer ikkje love godvêr neste veke heller ...

Snøfokk Hemsedalsfjellet

MYKJE VIND: Det er meldt mykje vind frå fredag kveld, noko som kan gje krevjande køyreforhold på fjellovergangane. Biletet syner snøfokk på Hemsedalsfjellet for tre veker sidan.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Nei, det torer eg nok ikkje. Eg kan heller ikkje love snø i låglandet, seier vakthavande meteorolog hjå Vêrvarslinga på Vestlandet, Halldis Berge.

Mange drøymer om både påskestemning, skiturar, bålgrilling og peiskos i vinterferien. Peiskosen kan det nok bli ein del av, om enn ikkje på hytta. For dit er det ikkje sikkert du kjem. Iallfall ikkje viss ho ligg i høgfjellet.

– I helga som kjem vert det ikkje noko bra vêr. Frå fredag kveld vert det vindauke i fjellet, mykje søraustleg kuling eller liten storm, seier Berge.

Dra så raskt som råd fredag

Og det er dårleg nytt for dei som har utfartsplanar og skal over høgfjellsovergangar fredag kveld.

– Eg ville prøvd å komme meg av garde så raskt som råd fredag. Det er meldt mykje vind, så det er ikkje sikkert det vert veldig gode køyreforhold utover, seier Berge.

Vinden kjem til å auke på natt til laurdag, samtidig som det kjem nedbør.

– Det vert bygevêr, omtrent slik som vi har hatt det no. Det betyr snø over 400–600 meter. Men med så mykje vind, så er det ikkje akkurat fjellvêr, seier Berge.

Vinden skal minke noko laurdag, men påskestemning vert det ikkje.

– Nei, det er sikkert. Sjølv om vinden minkar, så vert det framleis ein del vind, seier Berge.

Kan bli OK tysdag og onsdag

Søndag skal vinden minke ytterlegare, men byevêret skal halde fram.

I perioden måndag til onsdag går temperaturen noko ned, og snøgrensa er venta ned i 300–500 meter over havet.

– Det kan sjå ut som om det er moglegheiter for OK vêr tysdag og onsdag, men her er prognosane noko usikre. Det er meldt om vest-nordvestleg vind, men av roleg karakter. Men eg torer ikkje melde opphaldsvêr når vinden står slik, seier Berge.

Det ser ut til at byeaktiviteten gir seg noko onsdag, men det er truleg meir i vente.

– Det kan bli bra onsdag, men så kjem det eit nytt nedbørsfelt torsdag. Men som sagt, det er usikre prognosar, seier Berge.