Ruskete vêr på fjellovergangane og verre blir det

Skal du over fjellet mellom aust og vest i dag? Då bør du droppe turen viss du ikkje har vinterdekk, oppmodar Statens vegvesen.

Sognefjellet

STENGT: Sognefjellet på fv. 55 er stengt på grunn av uvêr.

Foto: SKJERMDUMP/ Statens vegvesen

Det står mai månad på kalenderen, men på fjellet er det i ferd med å bli vinter fleire stadar.

– Det er meldt både nedbør, vind og rundt null grader på mange av fjellovergangane, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Jan Erikstad.

På rv. 7 Hardangervidda og rv. 15 Strynefjellet er det snø og is på vegen med fare for glatte parti. Fv. 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr.

– Vi har fått meldingar om at det ligg snø på vegen. Vi gjer ei ny vurdering kl.15 om Sognefjellet kan opne, seier Erikstad.

Det er venta krevjande vêrforhold på fjellovergangane mellom aust og vest i dag.

– Det blir nedbør, vind og rundt null grader, seier Erikstad.

Statens vegvesen ber bilistar med sommardekk om å ikkje ta seg over fjellovergangane i Sør-Noreg.

– Det er ikkje forsvarleg å reise med sommardekk over fjellet i dag. Dropp turen viss du ikkje har skifta til vinterdekk, oppmodar trafikkoperatøren.

Sjekk fjellovergangane:

Rv 52 Hemsedalsfjellet: Snøslaps og fare for glatte parti.

Rv 13 Vikafjellet: Bert.

E16 Filefjell: Bert.

E134 Haukelifjell: Bert. Fare for glatte parti.

Fv 50 Hol-Aurland: Bert.

Fv 51 Valdresflye: Snø- og isdekke.

Fv 53 Tyin-Årdal: Fare for glatte parti.

Rv 15 Strynefjellet: Vekslar mellom bert og snø. Fare for glatte parti.

Rv 7 Hardangervidda: Snø fleire stadar.

Fv 243 Aurlandsfjellet: Stengt.

E6 Dovrefjell: Bert.

Fv 27 Venabygdsfjellet: Vekslar mellom bert og snø. Fare for glatte parti.