Hopp til innhold

Rusavhengige kan dømmast til A4-liv

Rusmisbrukarar kan no dømmast til avrusing, i staden for fengsel. Dette vil samfunnet tene på, meiner kriminalomsorga.

Rusmisbruk

ALTERNATIV STRAFF: I staden for eitt år i fengsel, kan lovbrot som er knytt til rusmisbruk no dømmast med rehabilitering.

– Det handlar om å ha eit innhald som hjelper folk tilbake igjen til samfunnet, og hjelper folk på fote igjen etter mange år med rusavhengnad, på sida av både arbeidsliv og anna, seier Ingunn Seim.

Ho er prosjektleiar for narkotikaprogram med domstolskontroll, som er eit alternativ til fengselstraff.

Dette har i fleire år blitt prøvd ut i Oslo og Bergen, men i 2016 har det blitt innført i heile landet. I Sogn og Fjordane vart denne straffa tatt i bruk for første gong i førre veke.

– Målgruppa er rusavhengige som begår kriminalitet som er knytt til rusavhengnaden. Så alvorlege valdsdømde er ikkje ein del av målgruppa her, seier Ingunn Seim.

Ingunn Seim

PROSJEKTLEIAR: Ingunn Seim er prosjektleiar for narkotikaprogram med domstolskontroll.

Foto: Privat

Til stor hjelp

Sorenskrivar for tingrettane i Sogn og Fjordane Terje Mowatt, synest det er på tide at dette tilbodet har blitt innført i distrikta.

– Det er veldig bra at det er gjort landsdekkande og at vi har fått det Sogn og Fjordane, seier han.

For dei som har kome i store problem med kriminalitet og rus, og som gjerne har store helseproblem, kan dette vere til stor hjelp, trur Mowatt.

– Det kan vere krevande for desse personane å komme tilbake på rett spor, og då kan det vere naudsynt med omfattande tiltak.

Sist veke fall den første dommen av denne typen i Sogn og Fjordane. Forsvarar i saka var Robert Fonn, som meiner slike dommar er eit steg i rett retning.

– Før var det slik at ein fekk utmålt ein straff på til dømes eitt år. Då kom ein ut etter eitt år og heldt fram som før. No er det mogleg å følge dette opp og komme inn i ein prosess som gjer at ein kan få livet inn på eit anna spor enn som rusavhengig og kriminell, seier Fonn.

– Samfunnsøkonomisk gullkanta

Sorenskrivar Mowatt meiner at heile samfunnet har vinst av å stille opp med ressursar til denne forma for straff.

– Det er ei personleg tragedie for dei som har kome ut i slike problem. Dersom ein er motivert til å snu på flisa, er det den sjansen ein har til å lukkast. Det gir ein personleg vinst, og det gir ein stor, samfunnsmessig vinst.

Inngunn Seim, som er ansvarleg for prosjektet, meiner òg at samfunnet tener på dette tilbodet.

– Rus og kriminalitet kostar samfunnet heilt enorme summar. Derfor er det samfunnsøkonomisk gullkanta, fordi det hjelper folk ut av rusen, inn i eit normalt liv der ein kan bidra tilbake i samfunnet ved å bli skattebetalar.