Hopp til innhold

Rusa tjuv køyrde mopeden hans 5 mil på glatta

Ein rusa mann vart stogga av politiet etter å ha køyrd fem mil på vinterføre gjennom Sogndalsdalen – på mopeden til senterleiar i Sogndal, Wilhelm Tangerud.

Wilhelm Tangerud og stolen moped

LATTERMILD: Wilhelm Tangerud meiner historia er så sprø at ein nesten berre må le. Han er glad ingen vart skadd under tjuven sin køyretur.

Foto: Halvor Farsund Storvik/Oscar Andersen

Det var tilfeldig at politiet oppdaga mannen i 30-åra som var ute på ein svært risikabel køyretur.

– Vi hadde ein patrulje på veg til Sogndal som møtte mopedisten i Fjærlandstunnelen. Kollegaen min meinte det var litt rart å møte på ein moped på dette føret. Han fekk ei dårleg magekjensle og valde å snu og køyre etter mopeden, og magekjensla viste seg å stemme, fortel operasjonsleiar Bengt Næss.

Meir sjokkert over køyreturen enn tjuveriet

For då mannen vart stogga i Kjøsnesfjorden i Jølster synte det seg raskt at mannen var rusa og at det heller ikkje var hans moped. Då hadde han køyrt fem mil på glatt vinterføre.

Mopeden stod lagra for vinteren i ein garasje på Sogningen storsenter i Sogndal då mannen i 30-åra braut opp låsen, tjuvstarta den og køyrde av garde. Og eigaren var ingen anna enn senterleiaren sjølv.

– Eg er faktisk meir sjokkert over køyreturen han har hatt enn at eg vart fråstolen mopeden min. Det er ei ganske vill historie, så det blir heller litt latter, seier Wilhelm Tangerud.

Han forstår lite av korleis tjuven har klart å komme seg heilt frå Sogndal til Kjøsnesfjorden.

– Det er ganske utruleg. Den har jo berre to vanlege tynne mopedhjul. Og han må jo ha frose skikkeleg. Eg hadde ikkje køyrt med den på vinterføre. Eg har sjølv køyrt med bil gjennom Sogndalsdalen fleire gonger no, og det er jo griseglatt, seier Tangerud.

– Flaks at ingen vart skadd

På den same strekka har fleire vogntog enda opp med å stå bom fast den siste veka på grunn av svært glatt veg.

– Det er flaks at han ikkje har gjort nokon skade. Eg køyrde sjølv Sogndalsdalen tidlegare i dag og det er vinterføre mest heile vegen. Mopeden var overhovudet ikkje eigna for slikt føre, seier Næss.

Då politiet nådde mopedisten att litt utanfor Fjærlandstunnelen i Kjøsnesfjorden fekk dei stogga mannen utan problem.

– Ein kan vel seie at mannen ikkje er heilt ukjend for politiet. No vert han framstilt for blodprøve og så skal vi forsøke å gjere eit avhøyr av han, seier Næss.

Skal sjekke alle overvakingskamera

Kvifor mannen valde å ta denne vegen veit politiet førebels lite om. Det kan heller ikkje senterleiaren gi eit godt svar på. Men torsdag kveld hentar han mopeden med bil og hengar.

Når mopeden her henta skal senterleiaren gå gjennom alle overvakingskamera for å sjekke at det ikkje er stole noko meir frå senteret.

– Vi har tjuvar på senteret med jamne mellomrom, men eg har aldri opplevd at bilar eller mopedar har blitt stolne.