Hopp til innhold

Rusa passasjer slo bussjåføren - og stakk av

Ein rusa passasjer slo seg totalt vrang da han ikkje fekk vere med Nordfjordekspressen i går kveld, og enda opp med å slå til bussjåføren før han stakk av.

Bussterminalen på Eid med ein buss parkert framfor

VALD MOT BUSSJÅFØR: Her på bussterminalen på Nordfjordeid slo ein rusa passasjer seg vrang da han ikkje fekk vere med på bussen. I sinne slo han til bussjåføren, før han stakk av.

Foto: Silje Guddal / NRK

Rett etter klokka 22 i går kveld fekk politiet på Eid melding om at ein bussjåfør hadde blitt slått til av ein rusa person som vart nekta å reise med bussen.

Nordfjordekspressen på veg frå Nordfjord til Oslo skal dermed ha vore svært forseinka.

Episoden ha skjedd medan bussen sto på bussterminalen på Nordfjordeid.

Politiet melde i går kveld at saka vert følgt opp av Eid lensmannskontor.

Ikkje alvorlege skader

Vakta på Eid lensmannskontor seier i dag at dei har kontroll på saka. Etter episoden kor sjåføren vart slått til, køyrde bussen vidare.

– Sjåføren fekk ikkje nokre alvorlege skader, så det var ikkje verre enn han kunne fortsetje på vegen vidare til Oslo.

Politivakta seier at bussjåføren vil melde episoden over helga når han er tilbake igjen.

Gjerningsmannen var rusa da episoden skjedde, og forsvann frå staden rett etterpå.

– Personen som gjorde det har vi tatt i dag, da han vart observert i dag tidleg på rutebilstasjonen. Han kan vente seg ein bot for det han har gjort, opplyser politivakta på Eid.

Nettbuss: Heldigvis ikkje ofte slikt skjer

Det er heldigvis sjelden at bussjåførar vert utsette for vald på jobb, seier marknadssjef i Nettbuss, Svein-Arne Vik.

– Slik eg har forstått det, så var det ikkje veldig alvorleg, men det er no likevel alvorleg når ein passasjer går til angrep på ein sjåfør, meiner Vik.

Svein-Arne Vik er marknadssjef i Nettbuss

HELDIGVIS IKKJE OFTE: Marknadssjef i Nettbuss, Svein-Arne Vik, seier det heldigvis ikkje er ofte at bussjåførane vert utsette for angrep frå passasjerar.

Foto: Nettbuss

– Sjåførar kan jo slik sett vere ei utsett gruppe som må handtere folk, og av og til så hender det at vi har personar som er rusa som vert nekta å vere med ombord, og da kan det kome reaksjoner frå dei som vert nekta å vere med. Men i det store og det heile er det ikkje ofte at dette skjer, utdjuper han.

– Korleis skal bussjåfører takle passasjerar som er rusa eller kranglete?

– Det er vanskeleg å seie, for to situasjonar er neppe like. Ein skal prøve å avvise på ein fin og høfleg måte, det er elementært, men ein veit jo aldri kva for ein reaksjon ein får tilbake.

– Kva tenker du om at ein bussjåfør opplever slike hendingar når han er på jobb?

– Det synst eg er synd. Det er slett ikkje heldig at ein kan ende opp med å føle seg utrygg på jobb. Men som eg sa, det er ikkje ofte dette skjer, svarar Vik og legg til:

– Det er eigentleg svært sjelden, men ein må vere førebudd på at slikt kan skje, og rusa folk kan dukke opp, og ein må prøve å vere førebudd på slike situasjonar.