Hopp til innhold

Rusa menn stakk frå politiet i høg fart - ferda enda i uhell

I påverka tilstand susa mennene frå politikontrollen i Førde. Ved Krokstadvatnet i Gloppen fekk køyreturen ein brå slutt.

Trafikkuhell i Gloppen

SMELL: Her enda køyreturen for dei to mennene.

Foto: TRULS KLEIVEN

To menn i 20- og 30-åra sit i arresten i påvente av å bli rusfrie så dei kan avhøyrast etter dramatikken torsdag kveld.

Først nekta dei å stogge for ein trafikkontroll i Førde, før dei i høg fart vende nasen mot vest. Med politiet på hjul.

– Innleiingsvist var farten så høg at vi av tryggleiksmessige omsyn avbraut allereie ved Erdal, fortel operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Lurte politiet

I alt tre politipatruljar frå Førde og Florø deltok i aksjonen. Ved Eikefjord vart det sett opp stopp-post i eit forsøk på å stogge mennene. I staden svinga mennene av ved Storebru og inn på fylkesveg 615 i retning Hyen.

På ei strekkje mista føraren kontroll på bilen som brasa ut av vegen ved Krokstadvatnet. Då skal farten ha vore kraftig redusert i høve til farten mennene hadde ut av Førde. Ingen vart skadde i uhellet.

– Vi mistenkjer køyring i rusa tilstand og har sikra oss blodprøve av begge to, seier Vereide.

Må bli rusfrie

Kring 50 minutt etter at dei susa forbi kontrollen i Førde, vart mennene pågripne og tekne med til blodprøvetaking. Den eine skal vere heimehøyrande i området.

Ingen av dei hadde førarkort på bil.

Seinare vart mennene sett i arresten i påvente av å bli rusfrie så dei kan avhøyrast av politiet.