Hopp til innhold

Rusa mann slo og truga bussjåfør

Den godt rusa personen i 40-åra skulle med Nordfjordekspressen på Eid. I staden enda han i drukkenskapsarresten.

- Mannen vart avvist av føraren fordi han var rusa. Då han ikkje var villig til å gå, ringde føraren til politiet, fortel marknadssjef Svein Arne Vik i Fjord1 Nordfjord-Ottadalen.

Utanfor bussen

Det var kring ti passasjerar i nattbussen som går mellom Måløy og Oslo. Bussen går frå Eid i 22.30-tida. Utanfor bussen toppa episoden seg då den rusa mannen både slo til og truga bussjåføren. Få passasjerar fekk med seg hendinga.

- Eg har snakka med føraren som avdramatiserer hendinga. Men ein skal ikkje underslå at det var eit slag. Han kjende det litt på haka, seier Vik.

- Erfaren førar

Medan sjåføren køyrde frå staden, tok politiet over mannen som er heimehøyrande i Sunnfjord. Mannen vart teken med i drukkenskapsarresten, men vart sleppt fri i morgontimane søndag. Politiet opprettar sak på forholdet. Det var to førarar med på turen.

- Føraren er erfaren, og tok dette med fatning. Heldigvis klarde han å trekke seg unna slik at han ikkje fekk full tyngde av slaget. Han verkar ikkje skaka, fortel Vik.

- Slikt skjer

Fleire busselskap og førarar har uttala at rusa passasjerar er eit problem. For ei tid attende vart ein rusa passasjer sett av nattbussen mellom Oslo og Førde. Mannen vart seinare funnen død ved Krøderen. På Nordfjordeid kom ikkje passasjeren med bussen.

- Dette er diverre slik som kan skje ein gang i blant. At det kjem rusa personar som førarane vel å avvise på grunn av rus, seier Vik.