Hopp til innhold

Rusa festivalgjengarar - slik var politinatta

Det meste av det politiet melder frå natta kjem frå countryfestivalen på Breim, der det er meldt om ein slåstkamp og fleire tilfelle av overstadig rusa personar.

Countryfestival på Breim

RUS PÅ FESTIVAL: Det var meldt om ein del overstadig rusa personar frå Countryfestivalen på Breim.

Foto: Runar Sandnes

– Eg kan stadfeste at det har vore ein del tilfelle av overstadig rusa personar i Gloppen i løpet av natta. Det har også vore ein del kuttskadar fordi folk har ramla og slått seg, seier Øyvind Dale ved AMK.

Det er frå countryfestivalen på Breim at politiet har meldt om dette. Det har også vore rusa personar gåande langs E39. Frå festivalen var det også meldt om ein slåstkamp.

Slåstkamp var det også i Florø, der politiet i 3-tida måtte sende heim dei som slåst kvar for seg, med beskjed om å halde seg vekke frå sentrum fram til søndag kl. 08.

I Måløy melder politiet kl. 02.46 om to personar som er anmeldte etter å ha urinert på offentleg stad.