Hopp til innhold

Rusa bilist stakk av etter å ha køyrd på ein person

Ein mann i 60-åra blei pågripen av politiet for å ha køyrd vidare etter ei ulukke.

Dalåker

Ein person blei påkøyrd på Dalåker i Sogndal søndag ettermiddag, og politi og ambulanse rykka ut. Personen var ikkje alvorleg skadd, men bilisten hadde køyrd vekk frå staden.

Mannen i 60-åra blei pågripen av ein patrulje litt seinare. Ifølgje politiet var mannen rusa på alkohol, og han blei også aggressiv mot politipatruljen.

Mannen er sett i varetekt og blir meld for trafikkulukka, for køyring i rusa tilstand og for vald mot politiet.