Hopp til innhold

Rusa bilførar gjekk til angrep på politiet

Ein mann i 40-åra vart søndag kveld sett i arrest etter at han slo og sparka mot politiet som oppsøkte han heime i Florø.

Politiet på Twitter

SLAG OG SPARK: Mannen som søndag kveld gjekk til angrep på politifolk i Florø er kjent for politiet frå tidlegare.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Politiet sin operasjonssentral i Florø fekk tidleg på kvelden søndag inn tips frå publikum om køyring i påverka tilstand.

Med bakgrunn i opplysningane oppsøkte politiet bilføraren, ein mann i 40-åra, heime hos han sjølv etter at bilturen var over.

– Der vart det ein konfrontasjon då den mistenkte ikkje ønskte å vere med politiet. Han måtte arresterast og i samband med det vart det utøvd vald mot politiet ved bruk av slag og spark, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Politidistrikt Vest sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Mannen, som er kjent for politiet frå tidlegare, vart i 19-tida teken med til arrest der det vart teken blodprøve.

– Vi mistenker alkoholrus, seier Værøy.

Mannen vil bli avhøyrd i løpet av føremiddagen måndag. Politifolka som var involvert i arrestasjonen skal ikkje ha hatt behov for legehjelp etter hendinga.