NRK Meny
Normal

Rus og bråk – slik var politinatta

Natt til sundag var travel for politiet i fylke. Dei måtte rykke ut til fleire privatfestar.

Politibil i utrykning

RYKKA UT TIL BRÅK: Fleire stader i fylket måtte politiet rykke ut etter melding om bråk.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Både i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord hadde politiet forskjellig dei måtte hanskast med.

I Måløy ville ein mann inn i eit hus han ikkje var velkomen i. Politiet måtte fjerne mannen i 50-åra frå adressa.

Avslutta fleire festar

Både i Sunnfjord og Sogn hadde folk samla seg på private festar som politiet valde å avslutte.

I Vik forstyrra ein fest nattesøvnen til naboane. Politiet rykka ut og stoppa festen.

I Florø var fleire mindreårige samla på fest. Bråk og fleire fulle ungdomar gjorde at politiet avslutta festen.

I Førde rykka politiet ut på melding om mykje støy frå eit privat husvære i Førde. Der var fleire ungdomar samla, og politiet valde å stenge festen.

Vanskelege gjestar

I Førde, Måløy og Sogndal måtte politiet ordne opp i bråkete gjestar.

Ein mann i 20-åra blei vist bort frå ein utestad i Førde. Det same skjedde i Måløy, der ein mann skapte trøbbel. Mannen blei henta av politiet og måtte halde seg vekke frå staden resten av natta.

Seinare på kvelden var det slåstkamp utanfor ein utestad i Førde.

Mistanke om promillekøyring på Eid

Kl. 03.20 på natta fekk politiet melding om promillekøyring på Nordfjordeid. Ein mann i 20-åra blei tatt med for å ta blodprøve, og fekk førarkortet kverrsett.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.