Hopp til innhold

Rus i kvar fjerde dødsulukke

I kvar fjerde dødsulukke i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har minst ein av førarane vore påverka av rus.

Kvar fjerde dødsulykke på vegane på Vestlandet skuldast rusmiddel.
Dette har vore eit problem i fleire år.
No vil Trygg Trafikk endra folk sine haldningar..

Rustrafikk

I fjor var det 32 dødsulukker på vegane i dei tre fylka, i åtte av dei var det rus med i biletet. Verst var det i 2009, då rus var medverkande årsak i 35 prosent av dødsulukkene.

– Innfør alkolås

Køyrelærar Joar Solberg frå Sogndal seier det er gjort veldig mykje haldningsskapande arbeid, både i køyreopplæringa og elles.

– Dette er eit vanskeleg spørsmål. Vi snakkar mykje med elevane om alkohol og bilkøyring, både i bilen og i klasserommet. Alle elevane veit at det er farleg. Det er ikkje eit kunnskapsspørsmål, det er eit haldningsspørsmål.

No meiner han det må må sterkare lut til.

– Vi må gå meir drastisk til verks. Mange firma har innført alkolås på firmabilane sine. Tida er kanskje inne for å innføre det på alle bilar.

Joar Solberg

- INNFØR ALKOLÅS: Køyrelærar Joar Solberg meiner drastiske tiltak må til.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Meld frå om promillekøyring

Alkolås verkar slik at bilen ikkje startar dersom føraren er påverka av alkohol. Trygg Trafikk er og tilhengar av alkolås, men ikkje på alle bilar, seier fylkessekretær Audun Heggestad.

– Vi meiner det er eit godt tiltak i risikogrupper som folk med rusproblem, folk som er gjengangarar med promillekøyring. I tillegg meiner vi det kan vere på sin plass i store køyretøy som bussar og lastebilar.

Like viktig meiner Heggestad det er å få endra haldningane til folk.

– Det bør ikkje vere akseptabelt i noka gruppe å køyre i rusa tilstand. Fleire må melde frå når dei er vitne til at folk set seg bak rattet etter å ha drukke alkohol eller at dei er rusa på andre måtar.

Audun Heggestad

- FLEIRE MÅ MELDE FRÅ: Fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

150.000 rusturar dagleg

For alkolåsen hjelper berre mot folk som har drukke alkohol. Rusproblema i trafikken er mykje meir omfattande. Tal frå Folkehelseinstituttet fortel at det kvar dag blir køyrt 150.000 bilturar i landet med påverka førar.

Over 90.000 av desse bilturane er med førar som er påverka av legemiddel, rundt 42.000 er påverka av narkotika og rundt 14.000 av alkohol. Mange av dei som har teke medisinar som rusar dei er ikkje klare over kor farleg det kan vere.

Svein Ringen er leiar for Trafikktryggleiksseksjonen i Statens vegvesen. Han er skremd over kor mange dødsulukker det er der det har vore rus med i biletet.

– Det er eit veldig høgt tal. Kombinert med fart og manglande bilbeltebruk blir det veldig farleg. Det er altfor mange som ikkje tenker over at dei kan skade seg sjølve og andre medtrafikantar.

Han meiner kampanjar som «Sei ifrå» har hatt positiv effekt på talet på ungdomsulukker, og han har tru på fleire liknande kampanjar og på samarbeid med politiet.

Svein Ringen

HAR TRU PÅ KAMPANJAR: Leiar Svein Ringen i trafikktryggleiksseksjonen i Statens Vegvesen region vest.

Foto: NRK