Hopp til innhold

Rune måtte evakuere då vatnet kom

Då Rune Furelid opna inngangsdøra såg han ei stor elv kome mot han. – Eg måtte berre slenge att døra og prøve tette under den med handkle, seier han.

Rune Furelid måtte evakuere frå huset sitt i Naustdal

MÅTTE EVAKUERE: Rune Furelid måtte evakuere frå huset sitt på Sæla i Naustdal etter at store vassmassar omringa huset hans.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK/Steinar Lote

Sunnfjordingen sat i andre etasje på huset sitt på Sæla i Naustdal og såg på Magnus Carlsen som spelte sin femte VM-kamp mot Vishy Anand. Ute bøtta det ned meg regn, men Fureli ana fred og ingen fare.

Utanfor fløymde Sælaelva over sine breidder, og vatnet omringa etter kvart huset hans.

– Eg høyrde nokre lydar ute, men eg tenkte ikkje noko særleg over det. Då eg skulle ned å hente meg kaffi såg eg ut det vesle vindauget i trappa.

– Då såg eg ei elv som stod ned trappeoppgangen til huset mitt. Eg opna døra og då berre kom vatnet mot inngangspartiet, seier han.

Furuli fekk kasta att døra, og sprang for å hente handkle og liknande. Dei la han nede ved dørken for å prøve hindre vatnet trenge inn.

– Men det kom inn vatn likevel, seier han og fortel at vatnet kort tid etterpå stod fleire titals centimeter opp på døra.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein mann er evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset er stengd. Brannmannskap og politi er på plass.

SJÅ VIDEO: Rune Furelid blei evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset, var stengd.

Store mannskap rykte ut

Politiet fekk meldinga om vassmassane som omringa bustadhuset på Sæla i Naustdal klokka 16.14. Brannvesen, politi, NVE og Naustdal kommune rykte raskt ut.

Fylkesveg 611 går like ved, og denne var ein periode stengd på grunn av dei store vassmassane. Eit røyr på oppsida av vegen skal ha gått tett, og vatnet fann dermed nye vegar.

Ein fekk raskt på plass utstyr, mellom anna ei gravemaskin for å prøve leie vatnet rett veg. Brannmannskap brukte også sandsekkar for å demme opp rundt huset.

– Eg vrei unna filler med vatn

Furelid sjølv prøvde febrilsk å berge det han kunne i huset sitt.

– Vatn og stein kom ned trappa i full fart, og det gjekk ikkje lang tid før vatnet stod oppetter døra. Eg stod inne og vrei unna filler med vatn, eg prøvde stogge det så det ikkje kom seg inn i stova der eg har tregolv, seier han.

Situasjonen rundt huset var etter kvart så kritisk at han fekk hjelp av brannmannskap til å evakuere. Det var lettare sagt enn gjort.

– Eg fekk ikkje opp døra eingong, der stod det vatn og steinmassar oppetter døra, seier han.

Store skader

Når vassmassane no har trekt seg tilbake ser han korleis vatnet har herja utanfor huset.

– Utanfor inngangsdøra mi er det 35 centimeter med steinmassar, grus, ei oppvaskmaskin og material. Det har blitt drege med ting frå heile parkeringsplassen over huset, seier han.

– Plassen der er heilt utgreven, og bilen min er sperra inne, seier Furelid.

Furelid seier han har prøvd å ta det heile med godt humør, og seier han undervegs var mest opptekensmå ting som å berge tregolvet i stova. Og korleis det gjekk med VM-kampen til Carlsen.

– Det er rart med det, men eg tenkte på det tinga, seier han litt lattermild.

No håpar han at han raskt kan flytte inn att i huset.

– Det har nok blitt ein del skader, for vatnet har kome inn gjennom veggane, konstaterer han.