- Det var ein traktor vi ikkje hadde så lett for å bli kvitt. Så vi var eigentleg overlukkelege då han kjøpte både den og utstyret som høyrde til, seier Tom Salte, som likevel var litt mistenksam då svindlaren sette avgarde med traktor og utstyr sist torsdag.
- Vi såg at han ikkje hadde køyrt traktor før. Han hadde store problem med å få traktoren i gir, så vi forstod at han ikkje var bonde. Men det var litt seint då han humpa avgarde. For vi trudde betalinga var i boks, seier Salte.
Falsk kvittering
Mannen viste nemleg fram ei kvittering som såg ut til å vere heilt i orden. Svindlaren hadde gått inn på sin eigen nettbank i Posten. Der overførte han 212 000 kroner til Maskinsenteret AS som han la på forfall.
Før han gjorde det, så skreiv han ut kvitteringa og fekk ein tilsett i Posten til å både stemple og underskrive utskrifta. Sjølv skreiv svindlaren på med eiga handskrift "betalt 17.10.05". Difor trudde Tom Salte at alt er i orden.
Denne falske kvitteringa gjorde at svindlaren fekk stikke av med traktoren.
- Lurte litt
Mannen hadde også kjøpt seg bil på ANI-bil i Sogndal. Det viste seg i ettertid at han også der hadde brukt falsk kvittering på at kjøpet var gjennomført.
- Ja, han sa at han nettopp hadde kjøpt seg bil. Eg lurte litt på kvifor ein framand kar handla så mykje i distriktet vårt. Men vi har hatt ein del folk som har flytta til og kjøpt seg gardar i distriktet, så difor tenkte eg ikkje meir på det, seier Tom Salte, som no ber Posten om å endre rutinane sine.
Traktor på Lom
Traktoren som vart stolen. Foto: Maskinsenteret
Sjølve traktoren er funnen att på Lom. Den førre eigaren observerte nemleg den svindlande traktorkjøparen i Luster, og forstod at han var på veg over fjellet.
Dette fekk Tom Salte vite og etter ein telefon til Lom var han så heldig å få spora opp traktoren. Difor er det ingen grunn til å tru at han skal få noko stort tap etter denne historien.
Politiet på sporet
Lensmann Jan Tore Thue i Sogndal seier dei ser svært alvorleg på det som har skjedd:
- Vi har sirkla oss inn mot ein namngjeven person, men vi veit ikkje kvar han held seg no. Mykje av utstyret har kome til rette, men bilen er så langt ikkje funnen att, seier Jan Tore Thue.
Lensmannen har ikkje kjennskap til at denne svindelmetoden er nytta tidlegare. Han vil ikkje utelukke at denne mannen har brukt same metoden tidlegare.