– Eg meiner politiet har handla for raskt

FØRDE (NRK): To rumenske menn er fengsla i to veker, sikta for å stå bak fleire innbrot i Sogn og Fjordane den siste tida.

Kristine Bu og Stig Nybø

HASTVERK: Advokat Stig Nybø (t.h.) meiner politiet handla i hastverk då dei i helga arresterte to menn etter ei rekkje innbrot i Sunnfjord og Sogn siste tida. Politiadvokat Kristine Bu (t.v.) bad måndag om fire veker varetekt for mennene.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg meiner politiet har handla for raskt. Det er ikkje grunnlag for å i alle fall fengsle min klient. Det er ikkje bevismessig nok i saka, seier advokat Stig Nybø.

Nybø forsvarar ein av dei to rumenske statsborgarane som natt til laurdag vart arresterte etter sju innbrot i Luster, Førde og Flora.

– Det er openbert at politiet har hatt behov for å løyse saka. Dei har vore under press etter fleire innbrot i distriktet siste tida, seier Nybø.

Måndag vart dei to framstilte for varetektsfengsling og retten kom til at dei kan sitje fengsla i to veker med brev- og besøkskontroll.

Nektar straffskuld

Både Nybø og advokat Ivar Blikra bad om at dei to sikta vart sleppte fri mot meldeplikt.

Mennene i 20-30-åra vart arresterte etter ein storstila politiaksjon natt til laurdag.

Begge kom til Sunnfjord for å jobbe, men arbeidet vart mellombels stogga under ei veke før innbrota starta. Politiet og retten meiner difor at mennene har hatt økonomiske motiv.

Mennene nektar for å ha noko med tjuveria å gjere.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga. Vi har gjort greie for retten kvifor vi meiner bevisa ikkje er tilstrekkeleg til å konstatere sannsynsovervekt for at han har noko med innbrota å gjere, seier Blikra som representerer mannen i 30-åra.

Handla under press

Politiet har gjennomført fleire ransakingar utan å finne noko av tjuvgodsa frå innbrota. Seint laurdag kveld, etter at mennene var pågripen, skjedde det eit nytt innbrot. Denne gang i Gaular.

Nybø meiner politiet har handla under press.

– Det vore ein del innbrot i Sunnfjord og slikt ynskjer vi ikkje. Då kan ein lett komme i fare for å gripe det første og det beste ein har. Her meiner eg politiet har gått for snart ut. Dei har ikkje bevis nok til å mistenkje dei med skjelling grunn, seier Nybø.

Kopling til fleire innbrot

– På min klient har dei ingenting, bortsett frå at han har budd saman med vedkommande som politiet har visse indikasjonar på kan ha gjort det, legg Nybø til.

Både Nybø og Blikra meiner politiet har tynne bevis. Politiadvokat Kristine Bu er ikkje av same oppfatning, men vil ikkje konkretisere kva som knyter mennene til innbrota.

I helga sa politioverbetjent Gunnar Englund at innbrota har tydelege likskapstrekk.

– Politiet meiner det er ei kopling til fleire av åstadane, seier ho.

Ser innbrot i samanheng

I Sogn og Fjordane tingrett bad politiadvokaten om å få fengsle mennene i fire veker. Politiet fryktar at mennene kan øydeleggje bevis, reise frå landet eller gjere nye lovbrot.

– Når vi fengslar, så er det fordi vi meiner det er stor sjanse for at det er dei aktuelle som har gjort innbrota, seier Bu og ikkje utelukkar at fleire personar kan vere involverte.

I mellomtida vil politiet analysere beslag og gjere fleire avhøyr. I tillegg har politiet fleire tekniske undersøkingar som dei vil gjere.

– Vi må etterforske den nye saka i lys av dei tidlegare sakene, seier Bu.