Hopp til innhold

Innbrotsraidet stogga på Askøy – no har rumenar i 20-åra erkjent innbrot i Førde

Ein rumensk statsborgar i 20-åra har erkjent å ha medverka til innbrotet på Biltema i starten av november. Politiet jaktar framleis gjerningsmann nummer to.

Innbrotstjuvar tek seg inn på Biltema.

SJÅ VIDEO: Tjuvane øydela for større verdiar enn dei fekk med seg. Dei måtte reise frå Biltema tomhendte.

Tjuvane parkerte bilen og stakk av etter innbrotet i Førde natt til 7. november. Under ei veke seinare gjorde dei det same på Askøy i Hordaland.

For den eine enda innbrotsraidet på Vestlandet der.

– Dei vart observert i samband med eit forhold på Askøy. Ein av dei to vart pågripne etter ein liten leiteaksjon, seier Bernt Erik Olsen ved eininga for mobile vinningskriminelle i Hordaland politidistrikt.

Utvida sikting

Medan mannen har sete varetektsfengsla sidan pågripinga, har politiet lukkast å knyte mannen til innbrotet i Førde. Ved siste rettsmøtet for få dagar sidan, erkjende han også innbrotet.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Varehussjef Sissel Flåm fortalde at tilsette ved Biltema vart møtt av mange øydelagde dører. Tjuvane prøvde seg på ein safe, men fekk ikkje med seg noko av verdi. (FOTO/REDIGERING: TONE MERETE LILLESVANGSTU/NRK)

Innbrot Biltema

TOK SEG INN: Tjuvane tok seg inn gjennom ei rute på baksida av Biltema.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Olsen ynskjer ikkje å gå inn på kva mannen har forklara.

– Men det blir teken med i siktinga ved neste høve. Til no er han sikta for fire forhold i Hordaland, men vi jobbar vidare med å sjå om han kan knytast til ytterlegare forhold i Hordaland og andre distrikt, seier Olsen.

– Er det snakk om mange forhold?

– Vi har ei liste over saker i Hordaland og Sogn og Fjordane, så det kan dreie seg om ein god del forhold, ja.

Store verdiar

Fann stolen bil

STAKK AV: Tjuvane parkerte bilen, ein BMW X3, i på ein skogsveg i Hafstadbakken i Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Same natta som innbrotet ved Biltema, var tjuvar også inne på Coop Marked på Vassenden i Jølster . Heller ikkje der vart det stole noko. Rumenaren er førebels ikkje knytt til dette innbrotet. Etter det NRK kjenner til er mannen eit til no ukjent blad for norsk politi.

Han har så langt samtykka til fengslingane. Den siste gjeld fram til 9. januar.

– Det er tale om tjuveri frå verksemder, forsøk på tjuveri, brukstjuveri av motorvogn og registreringsskilt. I stole gods og skader, så er det samla sett snakk om relativt store verdiar, seier Olsen.

– Vi veit det var to gjerningspersonar i Førde. Kva med den andre?

– Vi jobbar vidare med å identifisere kven den andre gjerningspersonen kan vere.