Hopp til innhold

Rulleskianlegg sikra tryggleikspris

Markane Idrettslag er tildelt Sogn og Fjordane fylkeskommune sin trafikktryggingspris for 2011.

Åshild Kjelsnes, Klemet Bø og Nils R. Sandal under utdeling av trafikktrygginsprisen.

FRAMHEVA: Utvalsleiar Åshild Kjelsnes (t.v.) framheva at rulleskianlegget dekkjer behova innan topp- og breiddeidrett og er blitt attraktivt for fleire målgrupper. Her saman med Klemet Bø og avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal (t.h.).

Foto: Birthe Johanne F. Finstad

Tildelinga blir grunngjeve med arbeidet idrettslaget har lagt ned for å etablere ei rulleskibane på Ullsheim.

Anlegget har redusert risikofylt rulleskiaktivitet på det offentlege vegnettet i indre Nordfjord til eit minimum.

– Vi er glade for at idrettslaget tek dette samfunnsansvaret og ønskjer å gje dei honnør ved å gje dei denne prisen, sa leiar i trafikktryggingsutvalet, Åshild Kjelsnes, under overrekkinga.

Fleire målgrupper

Om lag all rulleskiaktivitet gjekk tidlegare på vegnettet, noko som utgjorde ein stor trafikal risiko for born, unge, mosjonistar og utøvarar på høgt nivå.

Klemet Bø

NØGD: Klemet Bø mottok prisen på vegne av Markane idrettslag.

Foto: Birthe Johanne F. Finstad

Med rulleskibana på Ullsheim har Markane Idrettslag gjort ein stor innsats for å få aktiviteten inn på ein trygg arena. Fylkesutvalet la også vekt på at bana er universelt utforma og såleis høver godt for handikapidrett.

– Det er eit stort løft økonomisk og ei ekstra bør for eldsjeler med mange tankar og plikter. Likevel har rulleskianlegget vorte ein realitet. Det står no fram som eitt av dei fremste rulleskianlegga for langrenn og skiskyting i landet, seier Kjelsnes.

Får diplom og pengar

Prisen på 25 000 kroner og eit diplom vart delt ut av avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal under opninga av fylkestinget tysdag.

Klemet Bø, som er far til verdsmeister i skiskyting Tarjei Bø, tok i mot prisen på vegner av Markane idrettslag.