- Turistar og forbipasserande i området klagar på bråk. Vi har fått mange klagar, seier seier Anny-Irene Mykkeltvedt, som er leiar i Flåm Næringsforum.
- Perfekt
Rullande ungdomar har inntatt kaia i Flåm. Rett og slett ein perfekt plass å skate, skal vi tru 15 år gamle Knut Heggdal:
- Det er ei nett passleg trapp til oss der vi kan hoppe ned, seier Heggdal, som ikkje legg skjul på at det kan bli litt bråk. Men litt støy er ingen god grunn for å nekte dei ein plass å vere, meiner han:
- Viss vi er der midt på dagen er det ingen som tenkjer over det, for da er det så mykje støy frå andre ting.
- Lite vi skal ha sagt
Heggdal syns det er dumt dersom hamnevesenet kastar ut skatarane frå området.
- Men vi har vel ikkje så mykje vi skal ha sagt, sukkar 15-åringen frå Flåm.
Søksmål
Leiaren i Flåm Næringsforum, Anny-Irene Mykkeltvedt, hadde helst sett at ungdomen hadde sin eigen plass å skate. Ho fryktar no for tryggleiken til dei mange turistane som er på kaia.
- Den dagen det fer eit brett rett i beina på ein av turistane som fer forbi, blir det truleg erstatningsspørsmål, fryktar Mykkeltvedt.