– Det blir knalltøft mot Fredrikstad

Nykomlingen Ruben Holsæter har tru på at Sogndal klarer poeng borte mot Fredrikstad i kveld. Men det blir knalltøft, trur førdianaren.

Ruben Holsæter

GÅR HØGT UT: Ruben Holsæter tykkjer overgangen frå Førde i 2. divisjon til Sogndal i eliten, har gått bra. I dag ventar ny innsats mot Fredrikstad.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ruben har fått mykje tillit etter overgangen frå Førde, Han er mest truleg med i startoppstillinga, når Sogndal går ut på graset i plankebyen i kveld.

Til nettstaden sogndalfotball.no fortel Ruben om ei lærerik og artig tid på høgaste divisjonsnivå i norsk fotball så langt.

Godt nøgd med starten

– Det har vore veldig lærerikt og utruleg artig. Det var stort å få debuten borte mot Viking, det var ein draum som gjekk i oppfylling for meg. Eg trivast, seier Ruben til nettstaden.

Han innrømmer at det har teke litt til å venne seg til tempoet, men det har gått greitt.

– Sogndal er ein enkel klubb å kome inn i. Det er ein utruleg fin gjeng, og me tek godt vare på kvarandre. Folk er veldig imøtekommande, og det tykkjer eg er veldig viktig, sler Holsæter fast.

Tre med karantene

Sogndal måtte reise til Fredrikstad utan måltjuven Ørjan Hopen, Ole Jørgen Halvorsen og Elvis. Dei har alle karantene grunna gule kort, og kan sitje heime i Sogn og følgje kampen via NRK si livedekning på nett.

Ruben Holsæter har likevel tru på at Sogndal skal klare å henta poeng borte mot Fredrikstad.

– Dei er i bra form, og gode heime. Det blir ein tøff kamp og me må yte vårt beste. Men det er ein moglegheit, det er det i alle kampar, så eg trur me kan få med oss poeng herifrå og. Det trur eg det er store sjansar for, seier Ruben til sogndalfotball.no.

Ny sunnfjording

Ein annan sunnfjording kan også få sin eliteseriedebut i dag. 19 år gamle Vegard Dyrstad frå Dale spelar til vanleg på Sogndal 2, men er for første gang med blant dei beste i dag.

Vegard Dyrstad

KAN FÅ SJANSEN: Vegard Dyrstad er med i elitetroppen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vegard er i utganspunktet med for å fylle opp troppen, men ein skal slett ikkje sjå bort frå at han får sjansen i dag, seier sportsleg organisator i Sogndal Fotball, Håvard Flo, til NRK.

Følgjande tropp er med til Fredrikstad i dag:

Kenneth Udjus, Mats Solheim, Vegar Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Henrik Furebotn, Ulrik Flo, Eirik Bakke, Joe Bendik, Barry Kader, Gustav Valsvik, Thomas Ness, Isak Scheel, Espen Næss Lund, Tore Andrè Flo, Ruben Holsæter, Tonny Brochmann og Vegard Dyrstad.

Har du tru på Sogndal mot Fredrikstad i dag? Registrer deg, og skriv di meining i kommentarfeltet!