Hopp til innhold

Røyst på Fylkestoppen

No kan du levere di røyst til din favoritt.

Sigrid Moldestad og Eva Weel Skram
Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Fylkestoppen si neste utgåve høyrer du torsdag 14.oktober klokka 11. For å røyste merker du av din favoritt, og trykker stem. Du kan maksimalt røyste ein gong i døgnet frå kvar pc. Du kan også røyste på SMS under radiosendinga.

Røysteskjemaet er no stengt.
Les og; Sigrid vann Fylkestoppen igjen
Les og; Tre Fylkestoppartistar klare for superband på Julelutt
(Les meir om artistane og høyr låtane under røysteskjemaet.)

Fylkesgruppa til Lutt 2010

Tre av artistane som speler på Julelutt i Operahuset Nordfjord 27. november ligg nett no på Fylkestoppen. Både Ewa Weel Skram, Sigrid Moldestad og Olav Stedje finn du på dei tre øverste plassane.

Ein Sæl Kyss - Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er kåra til Årets Folkemusikar 2010, og har stor suksess med den siste plata si Sandkorn. Breimingen har gjesta både tv og konsertscener i sommar, og er også på spelelistene til NRK P1. På fylkestoppen gjekk ho til topps for fjerde gong i september med radiosuksessen "Ein sæl kyss." Sandkorn er den andre soloplata frå Sigrid Moldestad som debuterte i 2007, med temaplata Taus. Ei plate som også gav spelmannspris til tausa frå Breim.

Mr. Tokyo - Eva & The Heartmaker

Sogndalsjenta Eva Weel Skram sitt band Eva & The Heartmaker går så det susar på norsk radio i desse dagar. Låta heiter Mr. Tokyo, og har vore blant dei mest spelte både på NRK P1 og NRK P3 i sommar. Mr. Tokyo er første smakebit på den kommande plata frå bandet.
- Det nye albumet vil nok bli ei blanding av det vi høyrer på denne låta, og det du høyrde på den førre plata vår, fortel Weel Skram. På Fylkestoppen september kom ho nok ein gong rett bak Moldestad på lista.

Ikkje utan deg - Olav Stedje

Olav Stedje kom 4. oktober med si 12.plate med tittelen Ikkje Utan Deg. Plata fekk strålande melding frå musikkmeldar Atle Bredal i NRK. Mannen bak storslagarar som "Vi vandrar saman" og "Ta meg med," håpar at han framleis klarer å skape nye hit-låtar. På Fylkestoppen kom han i september inn med tittellåta frå den nye plata.

Høyr Itte - Tyyl!

"Høyr Itte" er henta frå det første albumet til Sogningane i rockegruppa Tyyl! Bandet er kjent for å bruke sognedialekt i tekstane sine. Plata som har tittelen "Ber Bod" får også gode tilbakemeldingar frå platemeldar Atle Bredal i NRK P1. NRK Urørt plukka i september ut bandet til Ukas Urørt. Gruppa som består av Håvard Øyrehagen, Vegard Loftesnes, Jon Landsem og Torkjel Solbraa.

Bergtatt - Kristin og Sigurd

Vokalist Linn Katrin Øygard frå Sandane og bassist Rune Gandrud frå Høyanger er viktige bidragsytarar i bandet som no er i gang med å spele inn si andre langspelplate. Bergtatt har fått stor merksemd for å kombinere rock med folkemusikk og tradisjonstekstar, og dette er ei spennande sjangerblanding, seier bassisten frå Høyanger.
- Linn Katrin har god kraft i stemma, syng godt på dialekt. I tillegg er ho kul på scena seier bandkollegane Jon Stenersen og Rolf-Erik Solstad Karlsen om vokalisten frå Gloppen.

Jakup - Arnegarden

Dei to spelmennene i "Jakup" har hatt konsertoppdrag både lokal og litt lenger ut i verda, som i Estland og Minnisota. Då har folk spurt om dei har CD, og svaret har vore nei. Men no gleder stryningen Arne M. Sølvberg seg til å kunne svare ja på spørsmålet. Spelmannsprisvinnaren frå Stryn og trekkspelaren frå Skjåk fann tonen i ein minnestund etter ein gamal spelemann. På fylkestoppen skal vi prøve slåtten "Arnegarden"

Liv Kreken - Ta meg i havn for i natt

Laurdag 9.oktober kjem den første plata frå Liv Kreken. Plata ber namnet " Søt og Snill," og er ei blanding av balladar og meir fartsylte låtar. Felles for alle 12 spora er likevel at dei er i visesjangeren med nynorske tekstar. 41-åringen frå Jostedalen har sagt opp eit par jobbar, mellom anna som kommunal kulturforvaltar og sirkusdirektør, for å satse meir på eigen musikk.