Hopp til innhold

Desse filmane kjempar om gjæv filmpris

Ni kortfilmar kjempar om å bli årets publikumsfavoritt. Avrøystinga er no stengd.

Sogndal filmfestival

MANGE: Ti filmar kjempar om den gjeve publikumsprisen under årets Sogndal filmfestival.

Foto: Fotomontasje

Sogndal Filmfestival har fått inn 75 filmar - fem fleire enn i fjor.

Og arrangørstaben er svært nøgde med responsen.

– Vi konstaterer at vi har fått utvida festivalen slik vi håpa. Vi har fått inn mange filmar utanfrå fylket, Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal. Og det er jamt høgt nivå på filmane, fortel festivalsjef Synne Haga.

Vanskeleg for jury

Måndag brakar det laust, for åttande gong på rad med filmfestival i Sogndal. Som vanleg er det 3. klasse ved medielinja ved Sogndal vidaregåande skule som står bak arrangementet.

Under filmfestivalen blir det vist mykje film og det blir mange foredrag. Om kvelden den 18. mars blir det gallakveld der prisane blir delte ut.

Festivalsjefen seier juryen fekk ein utfordrande jobb med å finne dei ulike vinnarane blant 75 bidrag.

– Juryen var nøgde med filmane og fekk meir enn ein kveld med filmsjåing. Du kan trygt seie at ikkje alle vinnarane vart samrøystes. Diskusjonen har gått fram og tilbake om kven som skal vinne og kvifor ikkje, humrar Haga.

Utvida festival

Det blir delt ut prisar i fleire kategoriar: Publikumsprisen, i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane, beste regi og manus, beste animasjon, beste dokumentar, Juniorprisen (til og med 16 år), sportspris, beste fiksjon og beste etterarbeid.

I år er det rekordmange som kjempar om prisane. Dei fleste bidraga kjem frå Akademiet i Bergen, Mo og Jølster vidaregåande skule og Sogndal vidaregåande skule.

– Det hjelpte godt på å utvide, og neste år vil vi utvikle oss endå meir. Då håpar vi på endå fleire filmar utanfrå fylket, seier Haga.

Publikum røysta

Lesarane til NRK Sogn og Fjordane fekk fram til måndag 18. mars klokka 12 vere med å stemme fram vinnaren av publikumsprisen.

Publikumsprisen går til den filmen som får flest røyster på nettsida til NRK Sogn og Fjordane. Vi stiller med premien, som er eit flott kamera til ein verdi av om lag 7000 kroner.

Her er dei ti nominerte filmane:

Crestfallen

Sogndal filmfestival 2013 - Crestfallen - av av Ola Moen (Årdal), Alexander Johansen (Stavanger) og Thomas
Olsen (Arendal).

CrestFallen av Ola Moen (Årdal), Alexander Johansen (Stavanger) og Thomas Olsen (Arendal)

Dokumentarfilm

Sogndal Filmfestival 2013: Dokumentarfilm av Magnus Roaldseth Furseth.

Dokumentarfilm – av Magnus Roaldset Furset

Førerapport frå Sogndalsdalen

Sogndal Filmfestival 2013: Førerapport frå Sogndalsdalen - av Bård Basberg.

Førerapport frå Sogndalsdalen – av Bård Basberg

Husgjesten

Sogndal Filmfestival 2013: Husgjesten - av Tea Høyheim, elev ved medialinja på Sogndal vidaregåande skule.

Husgjesten – av Tea Høyheim, elev ved medielinja på Sogndal vidaregåande skule

Isfit

Sogndal Filmfestival 2013: Isfit – av Bjørnar Hegg-Lunde.

Isfit – av Bjørnar Hegg-Lunde

Konrad

Sogndal Filmfestival 2013 - Konrad - ein animasjonsfilm av 3MK ved Akademiet i Bergen.

Konrad – av 3MK ved Akademiet i Bergen

Lotsalote Showreel

Sogndal Filmfestival 2013:Lotsalote showreel - av Asbjørn Lote, Mo & Jølster vidaregåande skule.

Lotsalote showreel - av Asbjørn Lote, Mo & Jølster vidaregåande skule.

Sjølvforsvar

Sogndal Filmfestival 2013: Sjølvforsvar - av Daniel Volle, VolleFilms

Sjølvforsvar – av Daniel Volle

Torbjørns Timelapse II

Sogndal Filmfestival 2013: Torbjørns Timelapse II - av Torbjørn Frøysland, elev ved medielinja på Mo.

Torbjørns Timelapse II - av Torbjørn Frøysland, elev ved medielinja på Mo.

Usynleg

Sogndal filmfestival 2013: Usynleg - av Daniel Volle, Flimmer Film

Usynleg - av Daniel Volle, Flimmer Film