Her ventar Anders på å få laksen han kjem til å sleppe rett ut att i elva

NAUSTDAL (NRK): I dag startar det etterlengta laksefisket over heile landet. Men røynde fiskarar ber no om at laksen blir sleppt laus igjen straks du har fanga den.

Anders Neteland fiskar i Naustda 1. juni 2018

SLEPP LAUS LAKSEN: Anders Neteland er ein svært røynd sportsfiskar og meiner at all villaks som blir fanga i årets sesong bør sleppast ut att.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

For 30 år sidan vart det fiska 12 tonn laks i løpet av sesongen i Nausta i Sogn og Fjordane. No håper ein å dra i land fire tonn. Den ivrige laksefiskaren Anders Neteland slepp sjølv ut igjen nesten all laksen han fangar.

– Overfiske frå tidlegare har medverka til at det er langt mindre laks i elva enn før. No er situasjonen god, men for å sikre oss at det er nok gytefisk igjen, må vi setje ut igen mesteparten av den fisken vi får, seier han.

Han legg til at det gjeld fisk som ikkje er skada og som kan vere med på å halde laksestammen god og framtidsretta i elvene.

Neteland får støtte frå leiar i Nausta elveeigarlag, Eiliv Erdal.

– Eg var sjølv ein av dei som drog iland altfor mykje laks på 1980-talet, noko som bidrog til at vi nesten tok knekken på bestanden. Ulike tiltak gjer at vi no er på rett veg, men eg vil oppmode alle til å kaste ut igjen den fisken som kan sleppast ut igjen og som ikkje er skada, seier han.

Får slakt av Dyrevernalliansen

Susanna Lybæk, vitskapleg rådgjevar i Dyrevernalliansen, meiner fang og slepp av fisk er fullstendig uetisk.

– Vi støttar dyrevelferdsloven som seier at fiske skal føregå på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte. Fisken kjenner smerte og stress når han blir fanga, seier ho.

Sysanna Lybæk, Dyrevernaliiansen

KRITISK: Det burde vore forbode ved lov å drive med fang og slepp av fisk, seier Susanna Lybæk, vitskapleg rådgjevar i Dyrevernalliansen.

Foto: Iselin Lindstad Hauge / Dyrevernalliansen

Dyrevernalliansen meiner det burde vore forbode å drive med fang og slepp av fisk.

– Fang og slepp er spesielt uetisk når fisk kan risikere å bli fanga fleire gonger på denne måten. Ein kan sjå føre seg kor sterkt det ville vorte reagert dersom fang og slepp var lov for andre dyr, seier Lybæk.

Ho meiner det er ei misforståing å tru at vi har ein moralsk rett til å fiske berre for moro skuld.

– Dersom fiskebestanden er for liten til å tole uttak, må ein la vere å fiske.

– Ikkje uetisk

Espen Farstad, informasjonssjef i Norges jeger- og fiskeforbund, har forståing for at ein må kaste fisk på elva igjen.

Espen Farstad

AVVISER: Informasjonssjef Espen Farstad i Norges jeger- og fiskeforbund avviser at det er uetisk å drive med fang og slepp av fisk.

Foto: NJFF

– Vi ønskjer i utgangspunktet at vi kan hauste av overskotet når vi fiskar. Men der laksestammen er hardt pressa, går det an å bruke fang og slepp som eit verkemiddel for å halde stammen oppe, seier han.

– Mange hevdar det er uetisk å fiske dersom ein kastar fisken ut igjen. Kva seier du til det?

– Utført på rett måte vil fang og slepp ha liten skade på fisken. Det er ikkje uetisk, seier Farstad.