Hopp til innhold

Røynd spelomtalar skriv på nynorsk

FØRDE (NRK): Spelomtalaren Øystein Furevik har blitt møtt med skepsis blant lesarane fordi han skriv på nynorsk, men opplever no at han har mange tilhengarar grunna både språk og innhald.

Øystein Furevik

DRAUMEJOBB: Øystein Furevik er konsentrert når han spelar på jobb.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

I over tolv år har Øystein Furevik skrive om spel for nettstaden Gamer.no, ei av Noregs leiande nettstadar innanfor for data- og konsollspel. Øystein har heile tida skrive sakene sine på nynorsk, og han fekk raskt merke at mange lesarar reagerte på dette.

negative kommentarar på nynorsk
Foto: Skjermdump / Gamer.no

– I byrjinga var det kanskje ein og annan som tykte at nynorsk var greitt, men det var veldig mange negative ​kommentarar, fortel han.

Fekk støtte av redaksjonen

Tor-Steinar Tangedal

Tor-Steinar Tangedal er fagredaktør i Gamer.no

Foto: Mediehuset Tek

Øystein fortel at hadde det ikkje vore for at redaksjonen stilte seg positiv til at han nytta nynorsk, so ville nok han ha skifta målform. Redaktør i Gamer.no, Tor-Steinar Tangedal, seier at det aldri har vore aktuelt å tvinge Øystein til å skrive på bokmål sjølv om ein del lesarar var misnøgde med dette.

– Vi avgjorde nesten umiddelbart at kvaliteten på tekstane var det som var viktig, og det var tydelig for oss at Øystein heilt klart skreiv betre på nynorsk enn på bokmål.

Furevika inst i Førdefjorden

FUREVIKA: Øystein Furevik bur i eit lite raudt hus i Furevika, ein fjellgard som ligg klistra til fjellsida inst i Førdefjorden.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Lesar laga spørjeundersøking

For nokre år sidan gjekk det so langt at ein lesar organiserte ei spørjeundersøking om kor vidt nettsida skulle fortsette å la Øystein skrive på nynorsk. Resultatet synte at nærare 75 prosent støtta Øystein og gamer.no si linje.

Øystein trur at det at han har vore ein framtredande skikkelse på gamer.no over so lang tid, er noko av årsaka bak denne støtta.

Kommentarfelt ros
Foto: Skjermdump / Gamer.no

Kommentarane Øystein har fått i det siste reflekterar også dette, då det er merkbart fleire støtteerklæringar enn klagar på språket og innhaldet i kommentarfelta under sakene til Øystein. På ein særskild rosande kommentar stoppar Øystein opp.

– Slike kommentarar skadar jo ikkje, det vert jo ein egotrip til slutt.