Hopp til innhold

Røykutvikling ved barne- og ungdomsskule

Brannvesen og politi rykte onsdag kveld ut til Vassenden barne- og ungdomsskule etter røykutvikling i mjølkerommet.

Brannvesen og politi rykte ut etter røykutvikling ved Vassenden skule.

VIDEO: Det vart raskt klart at det ikkje var opne flammar ved Vassenden skule. (FOTO: TORJE BJELLAAS/NRK)

Naudetatane rykte ut i 21.30-tida og brannmannskap gjekk gjennom bygget.

Det er ikkje særskilt røyk i lokalet no. Brannmannskap har vore inne for å avklare om det er brann eller ikkje, og ein leitar no etter kjelda, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen.

Torsdag morgon opplyser lensmann Knut Skurtveit at ein feil med eit eldre kjøleskap var årsak til røykutviklinga.

Kor evakuerte

Jølstrakoret var i full gang med å pusse på årets julerepertoar då dei både kjende røyklukta og høyrde brannalarmen.

Dirigent Gunnar Smaadal seier hendinga var meir ubehageleg enn skremmande. Som tidlegare rektor ved skulen, kjenner han bygningen godt.

– Vi merka tjukk røyk i gangen og ei sterkt lukt som minna mest om brent leidning. Lukta kunne virke som om den kom frå eit elektrisk rom som er i gangen, seier han.

– Ubehageleg

Noverande rektor og brannvesenet kom raskt til staden. Medan koret vart evakuert, søkte nokre av medlemene gjennom fleire rom i eit forsøk på å lokalisere kjelda til røyken.

– Brannslangen er like utanfor musikksalen, så vi var klare til å spyle. Men røyken gav seg og då vi lufta ut så var det ikkje antyding til verken røyk eller lukt, seier Smaadal.

– Det var ubehageleg, men hadde det vore opne flammar så hadde det vore meir dramatisk, legg han til.