Hopp til innhold

Røykutvikling på Hydro

Klokka 03:20 i natt vart det meldt om røykutvikling på Hydro sitt anlegg i Øvre Årdal, det skriv politiet på twitter. Brannvesenet var på staden, og dei fann røyk i eit elektrorom. Det utvikla seg ikkje til eld eller varmgang før brannvesenet fekk kontroll på situasjonen.