Hopp til innhold

Røykutvikling i Stondaltunnelen

Stondaltunnelen på fv. 50 mellom Aurland og Hol er no open etter å ha vore stengd grunna meldingar om røykutvikling. Brannvesenet stadfestar at det ikkje har vore brann i tunnelen.

Tunnelen ligg mot toppen av stigninga på strekninga mellom Aurland og Hol på fylkesveg 50.

– Der er ikkje nokon brann i tunnelen. Det kan verke som ein buss har køyrt gjennom tunnelen med ein god del røykutvikling, seier vaktleiar Nina Andal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

– Det står ein elbil i tunnelen som ein trudde kunne ha forårsaka røykutviklinga, men det viser seg at dei som køyrde denne bilen har forlate tunnelen grunna røyken.

Andal fortel at det ikkje er ventilasjon i tunnelen, og at brannvesenet no arbeider for å få røyken ut med ei mobil vifte.

Vest politidistrikt melder at ein elektrikar er på veg til tunnelen for å undersøke ein mogleg feil på det elektriske anlegget.

Klokka 16:45 melder Vegvesenet at situasjonen er avklart og tunnelen er open for trafikk.