Hopp til innhold

Røykutvikling i bil og kvelva lyktestolpe

I Stryn har det vore røykutvikling i ein parkert bil, medan ein annan bil klarte å knekke av ein lyktestolpe med hengaren sin.

Politi, politiet

YMSE: Politiet har vore borti litt forskjellig natt til søndag

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det var ein bil med hengar som fekk sleng på det glatte føret. Hengaren har då treft ein lyktestolpe, som har knekt rett av, seier Arve Samsonsen ved politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Det var sjåføren sjølv som gav beskjed til politiet, som igjen fekk kontakta både entreprenør og Stryn Energi. No har dei teke over ansvaret, og politiet gjer ikkje meir med saka, seier Samsonsen.

Det var ikkje det einaste politiet fekk å gjere i Stryn i går kveld, rundt klokka 22 fekk dei nemleg meldingar om røykutvikling i ein bil.

– Det var i ein personbil som stod parkert, og det var ingen inne i bilen. Det var rett og slett tilløp til brann i bilen, men politi og brannvesen fekk taua han vekk og fekk kontroll på situasjonen.

kvifor har det begynt å brenne?

– Det veit vi ikkje endå, men vi har vore i kontakt med eigaren, og vil oppretta sak for å gjere vidare undersøkingar.

Køyrde rundt utan sertifikat

I Florø var det ein annan bilist som køyrde rundt i sentrum utan gyldig førarkort.

Rundt klokka 02:30 vart han stogga av ein politipatrulje, som tok bilnøklane frå han. Politiet fortel at dei opprettar sak mot mannen.