Hopp til innhold

Røykutvikling førte til full brannutrykking

Alle i bygget vart evakuerte, men brannen vart raskt sløkt.

Evakuering Fosshaugane

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykte ut då brannalarmen gjekk på Fosshaugane campus.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det vi kan seie er at det har vore røykutvikling på eit teknisk rom. Alarmen har gått og brann og politi er på staden for å sjekke ut situasjonen, seier Egil Mundal, dagleg leiar i Sogndal Fotball som eig bygget.

Alle som var i bygget vart evakuerte då brannalarmen gjekk. Det skjedde like etter at straumen gjekk.

– Det ser ut til å ha fungert bra å få alle ut, seier Mundal.

Fekk raskt kontroll

Fosshaugane campus er arbeidsplassen til over 500 menneske og blir også brukt av mange studentar.

Klokka 10.30 opplyser Rysjedal at brannen er meldt sløkt og at det er kontroll.

– Eg veit ikkje om det har vore opne flammar eller om det berre har ulma. Eg kan heller ikkje seie noko om kor brannen har oppstått utover at det er i eit teknisk rom, seier han.

Det er ifølgje Alarmsentralen ein del røyk i gangane, og dei måtte lufte ut bygget. Like over klokka 11.30 fekk dei evakuerte komme inn igjen og straumen er tilbake.

Ifølgje innsatsleiar for politiet, Stein Helge Selland, har det vore ei kortslutning i ei teknisk tavle. Årsaka til at det tok så lang tid før folk kunne kome inn igjen var at dei måtte kartleggje korvidt brannen utløyste farlege gassar, noko den ikkje gjorde.

fosshaugane evakuert

EVAKUERTE: Folk måtte forlate bygget då brannalarmen gjekk. Det er usikkert når dei får kome inn igjen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Lukta brent

Folk har samla seg utanfor bygget medan dei ventar på å komme inn igjen i bygget. Det er ikkje meir enn tre månader sidan Fosshaugane sist vart evakuert. Då var årsaka ammoniakklekkasje.

I ei melding som vart sendt ut frå Høgskulen i Sogn og Fjordane stod det at folk måtte komme seg ut på grunn av fare for giftig røyk.

Espen Rysjedal hos Alarmsentralen seier all røyk kan potensielt vere farleg. NRK sin reporter Arve Uglum fortalde tidlegare at det lukta brent i området, men at dei ikkje kunne sjå røyk.

brann fosshaugane campus

SLØKT: Brannvesenet fekk raskt kontroll.

Foto: Arve Uglum / NRK