Hopp til innhold

Røyking ved sjukehus skapar frustrasjon

FØRDE (NRK): Røyking er ikkje er tillate på Førde sentralsjukehus sitt område, trass i dette set fleire seg ned på benkane ved inngangspartiet og tenner seg ein sigarett.

Reagerer på røyking ved sentralsjukehuset i Førde

REAGERER: Jorunn og Jan Grov mislikar at folk røyker rett utanfor inngangen til sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Vil ha eit tilbod

VIL HA RØYKEROM: John Olsen meiner leiinga må etablere eit tilbod til røykarane.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Det blir røykt her så lenge eg er her, seier John Olsen frå Høyanger.

Olsen sit på ein benk rett utanfor hovudinngangen til sentralsjukehuset i Førde og tar seg ein røyk. Han er ein av mange, noko som har skapt frustrasjon blant vitjande og leiinga i Helse Førde.

– Det er sjenerande

Trass i tydeleg skilting som informerer om at det ikkje er tillate med røyking på sjukehuset sitt område, ligg det sneipar på bakken og dei vitjande klagar på røykelukt.

Ved hovudinngangen er det eit overbygg som skjermar mot regnet og der står nokre benkar der dei vitjande kan setje seg ned. Det er røyking i dette området, berre nokre meter frå hovudinngangen, som har blitt eit irritasjonsmoment for vitjarar.

Jorunn og Jan Grov meiner røykinga er sjenerande.

– Eg har vore her nokre gongar og eg ser at det blir røykt rett utanfor inngangsdøra, det er klart eg reagerer på det. Det plagar ikkje meg, men eg tenkjer på pasientane, fortel Jorunn Grov.

Vil ha eit tilbod til røykarane

Jan Grov har forståing for at enkelte pasientar ikkje er like mobile som andre, og meiner at røykarane bør få eit tilbod.

– Det er ein del av dei som står eller sit her og røyker som ikkje kan bevege seg så veldig langt, så ein burde fått til eit tilbod som ikkje sjenerer dei andre vitjarane, seier Grov.

John Olsen er samd med Grov, og meiner det er leiinga ved sjukehuset sitt ansvar å etablere eit fullgodt tilbod til røykarane.

– Leiinga kunne etablert eit røykerom, slik at vi ikkje står der andre besøkande skal gå. Dette er deira ansvar, seier Olsen

Har inga løysing

Direktør for drift og eigedom ved Førde sentralsjukehus, Kjell Inge Solhaug, er kjend med problemstillinga, men slit med å finne ei løysing på problemet.

– Vi har prøvd gjennom tydeleg skilting og ei venleg tilnærming å informere om at sjukehusområdet er røykfritt, utan å få dei ønskja resultata. Vi har små sanksjonsmoglegeheiter utanom å be folk om å respektere skiltinga, seier han.

Har inga løysing på problemet

– DET ER KOMPLISERT: Direktør for drift og eigedom ved Førde sentralsjukehus, Kjell Inge Solhaug, har inga løysing på problemet og meiner saka er komplisert.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Solhaug meiner at å byggje eit røykerom kan vere i strid med oppgåvene ein har som eit sjukehus, og fryktar at folk uansett vil velje å stå utanfor inngangen.

– Legge vi til rette for noko som ligge langt vekke frå hovudinngangen, så ender ein vel opp med at røykarane står der likevel. Det er eit dilemma, seier Solhaug