NRK Meny
Normal

Røyking av pølser førte til brann

Brannkorps og politi rykka i dag ut til ein brann i ein bustad på Sande i Gaular, som viste seg å ha oppstått under røyking av pølser.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding om brannen klokka 11.14 og hadde like etter ikkje full oversikt over omfanget.

– Det er litt uvisst enno, for vi har nettopp kome på staden. Det siste er at det ikkje er synlege flammar lenger, sa Espen Gulliksen ved operasjonssentralen i Florø til NRK.no eit kvarter etter at brannen vart meldt.

I ei twittermelding opplyser politiet at helsepersonell ikkje har blitt kalla ut, då det ser ut til at brannen er under kontroll.

Litt før klokka tolv opplyser politiet at brannen oppstod under røyking av pølser. Den vart oppdaga og sløkt av naboar og innehavar før brannvesenet kom til staden.

Eit uthus skal ha blitt skada som følgje av brannen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune