– Folk som må ut for å røyke, oppheld seg utandørs i lengre tid og blir svært høgrøysta, seier Tandstad.
Tandstad bur nær utestaden Smuget i Førde, og han har klaga over bråk derifrå tidlegare òg. Men etter at røykelova vart innført, er det blitt mykje meir støy, seier han.
Klaga til politiet
Tandstad har no skrive brev til lensmannen og spurt om utestadane handterer problemet på lovleg vis.
Lensmann Kjell Fonn stadfestar at han har fått brev om nattestøyen, men han har ikkje fått tid til å formulere eit svar enno.
Naturleg konsekvens
Fred Reiersen som er medeigar i utestaden Smuget, stadfestar at røykelova fører til at det blir meir støy utandørs når folk skal ut og røyke. Tandstad meiner å ha fått forverra livskvaliteten vesentleg på grunn av det auka nattebråket, men det meiner Fred Reiersen at utestadene ikkje kan ta ansvar for. Han meiner dette er ein konsekvens av røykelova som ein berre må akseptere.
– Vi kan ikkje nekte folk å gå ut for å røyke, seier Reiersen.