Hopp til innhold

Røykdykkarar har teke seg inn i hus i Naustdal

Naudetatane har rykt ut til eit hus med røykutvikling i Naustdal. Brannmannskapet er framme med ti personar.

Røykutvikling i Instedalen

HAR KONTROLL: Brannvesenet har kontroll på staden

Foto: Johan Moen

– Dei første brannmannskapa frå Naustdal er akkurat komne fram, seier operatør Oddbjørn Aune ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Brannmannskap rykka ut frå både Førde og Naustdal, og til saman var om lag ti personar frå brannmannskapet på staden.

– Rundt klokka 1730 hadde røykdykkarane teke seg inn i huset. Dei leita etter ein arnestad, men har ikkje funne det, seier Aune.

Brannmannskapet skal likevel ha full kontroll på situasjonen.

Instedalen skule

Forbipasserande melde frå

Det er forbipasserande som har meldt om røyk frå eit bustadhus som ligg like ved Instedalen skule.

– Då dei opna døra kom det røyk ut, og huset ser ut til å vere fullt med røyk. Vi har ikkje fått melding om opne flammar, seier Aune.

– Veit de om det er folk i huset?

– Vi har fått stadfesta at det ikkje folk i huset, seier Aune.

Han har førebels ikkje fått tilbakemelding frå dei første brannmannskapa som er komne til staden, og kan heller ikkje seie noko om årsaka til røykutviklinga.