Hopp til innhold

Røykdykkarar følgde ikkje ordre under tunnelbrannen

Brannvesenet i Bergen vert skulda for å ikkje følgje ordre under brannen i Gudvangatunnelen i sommar. – Vi kjenner oss ikkje att i framstillinga, svarar Bergen brannvesen.

Bussvraket i Gudvangatunnelen

BYRJA BRENNE: I alt 37 personar vart evakuerte då det byrja å brenne i ein svensk turistbuss i Gudvangatunnelen i august i år.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

For brannvesenet i Bergen fekk ordre om å setje av fire røykdykkarar på Gudvangen-sida.

Loshelikopteret sette dei av i motsett ende av den 11,4 kilometer lange tunnelen.

– På Langhuso-sida var det så mykje røyk at dei ikkje kom seg inn. Dei følgde ordre frå Hordaland og Voss brannvern, fortel brannsjef Reinhard Sørensen i Aurland.

– Kunne fått følgjer

Reinhardt Sørensen

BRANNSJEF: – Dei må følgje retningslinjene når dei kjem til Sogn. Det var vi som hadde full oversikt over situasjonen, seier brannsjef Reinhard Sørensen i Aurland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I alt 37 personar vart evakuerte då ein svensk turistbuss byrja å brenne 11. august i år. Ingen vart alvorleg skadde i brannen, men fire personar vart lagt inn på sjukehus.

Brannsjef Sørensen seier avgjerda om å setje røykdykkarane av på ein annan stad enn dei gav ordre om, ikkje fekk følgjer.

– Dei einaste følgjene det fekk var at vi hadde 17 brannfolk på eine sida som ikkje fekk gjort noko, men det kunne fått store følgjer at røykdykkarar blir flydd til feil plass og ikkje kjem seg inn. Slikt skal ikkje skje, seier han.

Kjenner seg ikkje att

Bergen Brannvesen kjenner seg ikkje att i kritikken som kjem fram etter brannen i Gudvangatunnelen.

– Vi er gjort kjent med at det står i evalueringa, men vi kjenner oss ikkje att i denne framstillinga. Vi ønskjer å ta dette direkte med Alarmsentralen i Florø, seier Alf Halsen, avdelingsleiar for 110-sentralen i Hordaland.

– Vi må gå igjennom retningsline og kommandoline i høve til brannvesenet. Det var ikkje berre brannvesenet i Aurland som gav beskjed om det, men også politiet sin innsatsleiar, legg Sørensen til.

Etterlyser rutinar

Portrett av Haavard Stensvand

RUTINAR: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er usikker på om brannvesenet var usikre på kven som hadde kommandoansvar under brannen i Gudvangatunnelen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Naudetatane har evaluert arbeidet i samband med brannen . I referatet kjem det også fram at 110 Hordaland heldt mannskap på eige samband for å sikre kontakten med dei. Dette var eit anna samband enn brannmannskapet frå Sogn og Fjordane var på.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand meiner hendinga viser at sambandsrutinar må tydeleg avklarast for hendingar som kryssar fylkesgrensene.

– Dersom det skuldast ein rein misforståing, så kan det skje i kampens hete. Om det skuldast at det er uklart kven som gir ordrar, så er det mykje meir alvorleg, seier han og oppmodar brannvesenet til å etablerer rutinar så det ikkje er tvil om kommandoforholda.