Hopp til innhold

«Han sa at det var han som eigde bilen - då forstod eg i alle fall ingenting»

Roy Aron Myklebust skulle berre gjere ei god gjerning for mora si, men enda opp som biltjuv i staden.

Roy Aron vart biltjuv

BILTJUVEN: Roy Aron Myklebust vart plutseleg biltjuv utan å vite om det sjølv ein gong. På politiloggen kunne ein lese om at det hadde vore tjuv på ferde og teke ein bil frå Stryn sentrum. Men Myklebust hadde berre teke feil bil.

Foto: privat/ utklipp frå politilogg/ Arne Vik

Då eigaren av ein svart Toyota Rav 4 oppdaga at bilen hans var vekke frå parkeringsplassen melde han det straks til politiet.

Medan han begynte å leite gjennom Stryn sentrum i håp om å finne bilen og tjuven, ante Roy Aron Myklebust fred og ingen fare – sjølv om det eigentleg var han som var biltjuven.

Myklebust bur i Stryn sentrum, medan mora bur i eit par mil lenger vekke.

– Så ho lurte på om eg kunne plukke opp ein bil ho hadde sett på i ei annonse og frakte den ut til ho, slik at ho fekk sett på den, fortel han.

Alt han hadde var litt kontaktinformasjon til seljaren, og at det var ein Toyota Rav 4, og den skulle vere svart. Avtalen var at han skulle plukke opp nøklar i Stryn sentrum hjå seljaren.

HØYR ROY ARON FORTELJE DEN ARTIGE HISTORIA:

Merkeleg at dei ikkje hadde rydda

Det Roy Aron ikkje fekk med seg var at på den parkeringa stod det to Toyota Rav 4.

– Så eg sette no meg inn i den Toyotaen som eg såg der. Eg reagerte med ein gong på at dei kunne ha rydda bilen litt betre dersom dei ville selje denne bilen, seier han og ler.

Som mange nymotens bilar i dag treng ikkje føraren å setje nøkkelen inn nokon plass. Så lenge nøkkelen er i nærleiken av tenninga er det berre å trykke på ein knapp og bilen startar. Slik fungerte også denne bilen.

Myklebust starta opp bilen og vart nok ein gong irritert på seljaren.

– Eg såg at bensinlampa lyste, så eg måtte jo fylle på litt bensin òg for å vere sikker på at eg skulle få den ut til mor mi. Så eg synst det var litt merkeleg at den som skulle selje bilen ikkje hadde fylt opp sjølv, seier han.

Trudde det var svindel

Utan så mykje meir tankar rundt dette køyrde han bilen ut til mora. Ho reagerte med ein gong på kilometerstanden då ho sette seg inn i bilen. Den var ikkje i nærleiken av det som stod i annonsen. Her var det 30.000 meir enn det ho hadde fått førespegla.

– Vi vart veldig skeptiske til det heile. Bilen verka litt gamal òg. Det skulle vere ein 2011-modell, og så fant vi ut at det var ein 2006-modell. Då lurte vi faktisk på om det var forsøk på svindel. Kanskje det var nokon som skulle prøve å lure ei gamal dame. Myklebust ler.

Mora ringde så til seljaren og lurte på korleis dette hang i hop, men han vart heilt forvirra og skjøna ikkje nok han heller. Han konkluderte med at dette ikkje kunne vere den bilen han skulle selje til ho.

– På eit eller anna vis så tolka vi det slik at han likevel eigde denne bilen òg, men at vi hadde fått nøklane til feil RAV.

Fekk skeptiske blikk

Myklebust køyrde difor bilen tilbake igjen og parkerte den der han hadde funne den.

– Då ser eg at det er fleire som ser veldig skeptiske ut i det eg parkera bilen. Eg tenkte berre at eg hadde teke ein parkeringsplass som dei rådde over, men det tenkte eg at eigaren av bilen kunne ordne opp i, fortel han.

I same stund som han leverer nøklane tilbake til seljaren, så kjem det ein kar innpå tunet i ein anna bil og lurer på om det er han som nettopp har parkert bilen der og peikar på RAV-ein.

– Eg skjønte ikkje heilt med ein gong kva han meinte, men så sa han at det var han som eigde den. Då skjønte eg i alle fall ingenting. Etter kvart gjekk det opp for meg i det eg ser over gata – 15 meter lenger vekke står det ein anna litt nyare RAV.

Myklebust la i hop to og to og forstod at han rett og slett hadde teke med seg feil bil.

Jakta på syndaren

– Eigaren flirte og eg flirte og han fekk låne telefonen min og ringde ganske fort til politiet og fekk annullert meldinga om biltjuveri.

For medan Roy Aron var på luftetur med bilen hadde den eigentlege eigaren fått tak i ein anna bil og køyrde rundt i sentrum på utkikk etter syndaren.

– Eg trur og han hadde vore innom ein bensinstasjon for å sjekke overvakingskamera om det hadde vore noko bil innom der. Det var tydleg at det var fleire som kjente til at han var på jakt etter bilen sin.

– Vi tok det heile med eit smil

Den logiske bresten opp i det heile, som Myklebust fint kallar det, var at nøklane til bilen han hadde køyrt låg i midtkonsollen og dermed starta bilen. Medan Myklebust sjølv trudde han hadde dei rette nøklane med seg.

– Det var bra eg ikkje skulle enda lenger vekk med bilen. Då hadde det vel blitt skikkeleg forvirring.

Med andre ord. Det var ingen biltjuv i Stryn i dag.

– Det var litt rart å lese på nettet i dag om at ein biltjuv hadde vore på ferde, og den tjuven var meg. Eg føler meg absolutt ikkje som noko tjuv, ler stryningen.

– Eg passa på å seie til slutt at eg hadde trass alt betalt for bensinen eg hadde brukt. Han tok det med eit smil og det gjorde vi alle. Vi ønskte kvarandre god sommar, og sjølv om det ikkje blei bil denne gongen, hadde faktisk eigaren av bilen eg ikkje skulle ha òg kanskje tenkt å selje.