Hopp til innhold

Rovdyrjegerar skal få betalt

Regjeringa foreslår å sette av 2 millionar kroner for tapt arbeidsforteneste ved skadefellingsoppdrag

Bjørnen blir frakta vekk
Foto: Steinar Lote / NRK

Løyvingane til førebyggjande og konfliktdempande tiltak på rovdyr blir foreslått auka med 30 millionar kroner.

2 av desse milionane skal gå til å kompensere det jegerar i dag taper på å delta i jakt etter rovdyr.

- Ein start men alt for lite

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren seier forslaget er eit steg i rett retning, men at 2 millionar kroner er alt for lite.

- 2 millionar er nok ein pott som må aukast betydeleg men det er ei god byrjing seier Hilleren.