Hopp til innhold

– Jo fleire frå Sogn og Fjordane, jo betre

– Sjølv om vi skal i regjering, er vi eit lite parti. No må partileiarane få arbeidsro, seier Sveinung Rotevatn. Han blir av mange nemnt som ein potensiell Venstre-mann i den nye regjeringa.

Sveinung Rotevatn

KJEM HAN I REGJERING: – Partileiarane må finne folk som kan gjennomføre plattforma på ein god måte. Kven det blir, veit eg ikkje noko om, seier Sveinung Rotevatn same dag som det blei klart at Venstre går inn i regjering med Høgre og Frp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Viss eg får spørsmålet, skal eg sjølvsagt svare. Men då må det komme først, seier Rotevatn søndag kveld.

Han vil helst ikkje ha så mykje snakk om kor vidt han sjølv er aktuell for ein plass i den nye regjeringa med Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Etter fire år som stortingsrepresentant, mista han plassen etter valet i haust og nyleg starta han i ny jobb som advokatfullmektig.

Søndag kunne partileiarane Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp) og Trine Skei Grande (V) smørblidt kunngjere at dei dannar ny regjering. Dei neste dagane skal partia bli samde om kven dei skal plassere i postane som statsrådar, statssekretærar og rådgjevarar.

– Er du aktuell for ein plass i regjeringa?

– Det tenkjer eg ikkje så mykje på. Det er ikkje eg som bestemmer, er svaret Rotevatn vil gje søndag.

– Ein politisk «allrounder»

Når ein spør Rotevatn sine partikollegaer i Sogn og Fjordane er svaret deira litt annleis. Både fylkesleiar Gunhild Berge Stang og Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Eid er snare med å dra fram Rotevatn som ein potensiell kandidat for ei oppgåve i regjeringa.

– Sveinung Rotevatn er ein av Venstre sine fremste politikarar, og ein politisk «allrounder» som vil kunne gjere ein god jobb på mange område, seier Bjørlo.

Han meiner Rotevatn har kunnskap og bakgrunn til å ta på seg roller innan både utanrikspolitikk, næringspolitikk, arbeids- og sosialpolitikk og utdanningspolitikk.

– Eg brenn spesielt for at Venstre skal setje sitt preg på nærings- og klimapolitikk.

– Ein nasjonal politikar

Berge Stang meiner det er vanskeleg å spekulere i sjansane for at Rotevatn får ein plass i regjeringa. Ho seier kabalen som skal leggast blir ein vanskeleg jobb for partileiarane.

– I Sveinung Rotevatn har vi ein nasjonal politikar av dimensjonar. Eg håpar sjølvsagt at han får ei rolle i regjeringa, seier Berge Stang.

Verken Berge Stang eller Bjørlo er konkrete på andre potensielle Venstre-folk frå Sogn og Fjordane som kan gå inn i regjering, men held fram at det er mange potensielle kandidatar. Rotevatn vil heller ikkje peike på enkeltpersonar.

– Vi er ei lite parti, så vi kan ikkje få inn alle vi vil, overalt. Men eg håpar partileiarane klarer å finne ein god balanse, seier han.

– Eg håpar og trur vi får inn mange flinke folk i regjering, frå alle tre partia. Og spør du meg, jo fleire frå Sogn og Fjordane, jo betre.