NRK Meny
Normal

– For meg personleg er dette sjølvsagt skuffande

Ein av Venstre sine mest profilerte politikarar mistar stortingsplassen. Sveinung Rotevatn håpa i det lengste at han skulle få utjamningsmandatet. No innser han at slaget er tapt.

Sveinung Rotevatn

UTE: Sveinung Rotevatn konstaterer at det ikkje blir ein ny periode på stortinget.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Med 99,8 prosent av røystene talde opp onsdag morgon, ligg utjamningsmandatet framleis hos Tore Storehaug og KrF.

– For meg personleg er dette sjølvsagt skuffande. Eg var verkeleg motivert for fire nye år, og eg følte eg hadde meir å gi, skriv Rotevatn på si Facebook-side.

Venstrepolitikaren frå Eid kapra utjamningsmandatet i 2013. Sidan har han markert seg som ei sterk nasjonal røyst for partiet. I år gjekk Venstre tilbake på landsplan, men hamna likevel over sperregrensa.

Ikkje heilt lei seg

Ei lita trøyst er at Eid, trass tilbakegang på åtte prosentpoeng, er kommunen Venstre fekk størst oppslutnad i med 15,6 prosent.

Rotevatn konstaterer at utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane er svært utsett. Også i 2013 måtte han finne seg i spennande døgn etter valkvelden.

– Førre val vart det stong inn. Denne gongen vart det diverre stong ut, skriv han.

Tore Storehaug

INNE: Tore Storehaug blir KrF i Sogn og Fjordane sin første stortingsrepresentant sidan 2005.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Rotevatn som no skal ta til på masteroppgåve i rettsvitskap, seier han likevel ikkje klarer å vere heilt lei seg.

– For eg har vore med på eit lag som har klart å løfte Venstre over fireprosentgrensa to gonger på rad for første gang sidan 1969, skriv han.

Første sidan 2005

Dermed blir Tore Storehaug Askvoll sin andre stortingspolitikar kommande periode. Og KrF sin første representant frå fylket sidan Per Steinar Osmundnes i 2005.

Glopparen, som var vararepresentant, tok over som fast medlem etter at Magne Aarøen gjekk bort i 2003.

– No byrjar det å sige litt inn. Eg kjenner meg veldig klar. Først og fremst er eg litt entusiastisk på det å få medverke i ei ny gruppe. No skal eg rydde på plass ei bokhylle i leilegheita medan eg tenkjer på kva komite som hadde vore aller kjekkast å medverke i, seier Storehaug.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.