Hopp til innhold

Rotevatn rota seg vekk på Stortinget

Sveinung Rotevatn (V) hadde gløymt at han skulle stille spørsmål til samferdslestatsråden om E39 i spørjetimen på Stortinget.

Sveinung Rotevatn i Venstre smiler lurt

GLØYMDE Å SPØRJE: Sveinung Rotevatn beklagar at han var heilt andre stader då Ketil Solvik-Olsen stod klar til å svare på spørsmål i Stortinget.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Medan samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen venta i stortingssalen, var Rotevatn heilt på villspor ein annan stad på Stortinget, melder Bergens Tidende.

– Nei, dette er berre pinleg. Dette er berre å beklage, sa Rotevatn til Bergens Tidende då dei fann han i gangane.

Ifølgje avisa hadde då sekretariatet prøvd å ringe Rotevatn, men han hadde ikkje teke telefonen.

Spørsmålet Rotevatn skulle stille til Solvik-Olsen var om korleis statsråden skal sørgje for at tempoet i opprustinga av E39 vert halde oppe.

Til BT seier Solvik-Olsen at han synest det er underleg at representantar frå eit parti som kuttar 1,5 milliardar i riksvegløyvingar kjem og ber om meir pengar til eige fylke.