Hopp til innhold

Meiner Kjelsnes var lite overtydande i E39-møtet med statsråden

Venstre-topp meiner at fylkesordføraren representerte fylket på ein lite overtydande måte i møte med statsråden i E39-saka.

Jon Aasen og Åshild Kjelsnes

FYLKESTOPPEN: Fylkesordførarane Jon Aasen og Åshild Kjelsnes i kaffidrøs under E39-møtet i Ørsta måndag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Måndag kveld var alt som kunne krype og gå av vegbyråkratar og politikarar samla på eit hotell i Ørsta. I spissen for det heile var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal innleia i ti minutt, og agiterte sterkt for ferjefri E39 i indre Nordfjord. Etterpå var det Åshild Kjelsnes sin tur, og på ein langt meir lågmelt måte la ho fram sin presentasjon.

Reagerer sterkt på Kjelsnes

Dette får no stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) til å reagere sterkt. Han meiner at fylkesordførar Åshild Kjelsnes slett ikkje var overbevisande når ho presenterte Sogn og Fjordane sitt vedtak om kvar E39 skal gå.

– Når ei avgjerd først er teke i fylkestinget, og det er den, nemleg at ei bru skal krysse frå Lote til Anda, så er det fylkesordføraren sin jobb å fronte det synet, seier Rotevatn til NRK.

Han peikar på det også er difor fylkesordføraren blir beden om å snakke foran statsråden og departementet når dei er på besøk.

– Det synes eg ho kunne gjort på ein betydeleg meir overtydande måte, seier Rotevatn.

– Det er kome ny kunnskap

Fylkeskommunen har i eit knapt fleirtalsvedtak gått inn for at framtidig E39 skal gå med bru over Anda-Lote, og ikkje om Stryn. Måndag kveld la fylkesordføraren fram avgjersla for samferdsleministeren:

«Det er kome ny kunnskap, og det er også fleire av dei store partia som i ettertid har årsmøtevedtak i saka som kanskje kunne ha gjort at det hadde sett annleis ut enn det gjer.»

Denne utsegna og resten av presentasjonen var ikkje særleg imponerande, meiner Sveinung Rotevatn. Eidaren meiner at mykje av det fylkesordføraren sa på møtet i Ørsta var å undergrave det vedtaket fylkestinget i Sogn og Fjordane har gjort.

Meiner ho gjorde det korrekt

– Ho presenterte jo saka og slik vedtaket var, men la inn så mange atterhald at det var vanskeleg å tolke det som ein veldig overtydande bodskap, for å seie det veldig forsiktig, seier Rotevatn.

Åshild Kjelsnes sjølv er usamd i kritikken frå Rotevatn, og meiner ho gjorde det einaste rette i måten ho la fram fylkeskommunen sitt syn for samferdsleministeren og dei andre som var på møtet i Ørsta.

– Eg er trygg på at eg har lagt fram det som er fylkeskommunen sitt syn på ein heilt faktabasert måte. Det meiner eg at eg har ansvar for å gjere, og eg meiner at eg har gjort det, sler Kjelsnes fast.

Synfaring av indre trase i Nordfjord