Hopp til innhold

Rotevatn nominert på topp

Sogn og Fjordane Venstre har nominert Sveinung Rotevatn på topp til valet neste år. Rotevatn sit for tida på Stortinget, men Venstre er avhengige av å kome over sperregrensa på 4 prosent for å få eit mandat i frå fylket. Partiet har dei siste åra vore støtteparti for Solberg-regjeringa, og Rotevatn trekkjer fram tapskompensasjon for fylket i det nye inntektssystemet som Venstre sitt viktigaste bidrag til Sogn og Fjordane i denne perioden.

Sveinung Rotevatn på nominasjonsmøte
Foto: Aleksander Åsnes / NRK