Rotevatn kjempar for stortingsplassen

SOGNDAL (NRK): Medan Senterpartiet fossar fram på meiningsmålingane i Sogn og Fjordane, er målingane for Venstre så dårleg at Sveinung Rotevatn risikerer å ikkje bli attvald.

Sveinung Rotevatn

VALKMAMP: Venstrepolitikaren Sveinung Rotevatn frå Eid kjempar ein tøff kamp for plassen sin på Stortinget.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Val

På alle målingane som er gjort det siste halvåret ligg partiet under i oppslutning, samanlikna med stortingsvalet for fire år sidan.

– Dei siste dagane har det berre vorte fire til fem timar søvn og elles mykje jobbing gjennom dagen, seier Rotevatn.

Venstre sin stortingskandidat kjem rett frå Arendalsveka for å starte valkampen i heimfylket. Dei siste tre dagane har han delteke i 17 debattar om alt frå skulepolitikk til distriktspolitikk og kulturpolitikk.

– Det er først og fremst veldig kjekt. Eg tykkjer det er kjekt å diskutere politikk, men valkamp er også slitsamt. Så eg skaffa meg i alle fall ei god natt søvn i helga og så køyrer vi på vidare fram mot valdagen, seier Rotevatn.

Mindre ein månad igjen

Med under ein månad igjen til eksamen for politikarar, altså valdagen 11. september, veit Rotevatn at det ventar mykje og hard jobbing skal dei klare å snu skuta. I vår og sommar har meiningsmålingane vore lite lysteleg lesnad for venstrepolitikarar.

–Vi har diverre hatt ein nedadgåande trend på målingane gjennom våren som nådde botnen ein gong i sommar. Etter sommaren så har stort sett alle nasjonale målingar peika oppover, og denne veka fekk vi ei ny måling som målte oss over sperregrensa, seier Rotevatn.

Men ei stund så det så mørkt ut at partileiar Trine Skei Grand til og med droppa sommarferien. Det gjorde ikkje Rotevatn.

–Nei, eg hadde to veker ferie, eg er ikkje så tøff som Trine Skei Grande.

– Du fekk ikkje ein sint mail frå partileiaren då?

– Nei, eg gjorde ikkje det, ler Rotevatn. Eg har hatt ein tøff vår og kjende eg trong to veker med litt avslapping. Men etter det har eg køyrt for fullt. Skei Grande har reist landet rundt og treft gründerar og bedrifter. Siste månaden har også eg jobba hardt og reist mykje, særleg her i fylket. Og eg trur vi no byrjar å sjå resultatet av det, og eg trur at dette skal gå bra, seier Rotevant.

Ideologen

Rotevatn er kjend som ein sterkt ideologisk politikar, men avviser at han har gløymt Sogn og Fjordane opp i all ideologien.

– Nei, på ingen måte. Eg meiner at det å føre ein god politikk for Sogn og Fjordane også er eit ideologisk spørsmål. Til dømes så meiner eg som liberalar at det er viktig at alle folk er frie til å nå sitt potensial, og kan leve livet sitt slik dei vil. Det meiner eg at vi legg til rette for det gjennom ein god næringspolitikk, og ikkje minst gjennom at vi flyttar ut statlege arbeidsplassar ut frå dei store byane slik vi er i gang med no, seier Rotevatn.