Hopp til innhold

Rotevatn fekk ikkje Stortinget med seg på republikk

Sveinung Rotevatn (V) vil byte Kongen ut med president, men då saka var oppe i Stortinget tysdag, fekk han ikkje fleirtalet med seg.

Sveinung Rotevatn framføre slottet

VIL HA REPUBLIKK: Sveinung Rotevatn (V) er statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Foto: NRK

– For meg er det først og fremst eit prinsipielt spørsmål. Eg meiner at i eit moderne samfunn så skal ikkje posisjonar gå i arv. Det gjeld og den øvste posisjonen i landet, seier Rotevatn.

Saman med seks andre representantar reiste han eit framlegg i Stortinget i førre periode. Då saka kom til behandling tysdag var det berre 36 som røysta for forslaget, medan fleirtalet vil behalde kongehuset.

– Det var vel som forventa. Dette er jo ein debatt som Stortinget har med jamne mellomrom. Nokre røystar ut frå prinsipiell overtyding, men vi er ikkje nærleiken av å få fleirtal for ei slik endring, seier Rotevatn.

Vil behalde Kongen

Ingen av dei fire Stortingsrepresentantane frå fylket røysta for å endre Grunnlova, slik at også Noreg får eit valt statsoverhovud, som erstattar for dagens kongehus.

Frida Melvær

HELD PÅ MONARKIET: Frida Melvær er stortingsrepresentant for Høgre.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Eg må seie at eg svært glad for at dette forslaget vart nedstemt i dag. Vi har ei statsform som har stor oppslutnad både på Stortinget og ute blant folk, seier Frida Melvær (H).

Ei grunnlovsendring krev to tredels fleirtal i Stortinget og må fremmast i ein stortingsperiode, og behandlast i den neste. Sjølv om framlegget denne gongen fekk åtte fleire røyster enn i 2016 då det sist var oppe, er det framleis eit stort fleirtal for halde på monarkiet.

– Vi ser at kongehuset vårt har vore ei samlande kraft i landet i krisetider og ein døropnarar for næringslivet i utlandet. Dei representer og ein nøytralitet som eg meiner er viktig i samfunnsdebatten, seier Melvær.

– Men har ikkje forslagsstillarane eit poeng når dei meiner at posisjonar ikkje bør gå i arv i eit demokrati?

– Dette er ein debatt som kjem med jamne mellomrom. Det som er viktig for meg og dei fleste av stortingsrepresentantane er at vi har ei statsform som folket meiner er god, seier Melvær.

– Må ta debatten

Rotevatn meiner det både er rett og viktig å ta debatten sjølv om det ikkje er misnøye med jobben som kongehuset gjer.

– Eg meiner det er eit viktig prinsipp at ein skal kunne velje sine leiarar, og at dersom dei gjer ein dårleg jobb så skal ein kunne velje nokre andre. Det kan vi ikkje i Noreg i dag, og vi har ingen garantiar for korleis framtidige kongar kjem til å vere, seier Rotevatn.