NRK Meny

Rotevatn får statsministerskryt

Sveinung Rotevatn er den politikaren som har imponert statsministeren mest dei siste fire åra. I eit intervju med Dagens Næringsliv peikar Erna Solberg på Venstre-mannen frå Nordfjordeid når ho får spørsmål om kven frå eit anna parti som har gjort størst inntrykk. Ho seier han er kunnskapsrik, poengtert og greier å vere både prinsipiell og løysingsorientert. Rotevatn seier på Twitter at han returnerer komplimenten og håpar ho får halde fram som statsminister.

Laster Twitter-innhold